Vi tilbyr opplæring til førarkort personbil klasse B. Denne klassa gjeld føring av motorvogn med tillatt totalvekt høgst 3.500 kg og som er godkjend for høgst 8 passasjerar i tillegg til førar. Tilhengar med tillatt totalvekt høgst 750 kg etter hovudregelen.
Du kan trekkje tilhengar med tillatt totaltvekt over 750 kg så lenge tillatt totalvekt for vogntoget (bil+tilhengar) er høgst 3.500 kg. Sjekk vognkort for bil og tilhengar!
Trinnvis opplæring
Køyretimar avtalast med kvar enkelt og utifrå behov. Vi skreddarsyr eit opplegg som passar for deg. Teoriprøve må vere bestått før ein kan bestille oppkøyring.
Trinn 1:
• Trafikalt grunnkurs. Vi tilbyr ikkje dette kurset hjå oss.
Trinn 2:
• Grunnleggande køyretøyteknisk og køyrekompetanse, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.
Trinn 3:
• Sikkerheitskurs på bane - 4 timar. Obligatorisk kurs
• Forbikøyring
• Bykøyring
• Trafikal opplæring, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime
Trinn 4:
• Individuell tilpassing og mengdetrening
• Sikkerheitskurs på veg - 13 timar. Obligatorisk kurs
• Avsluttande opplæring før førarprøve
Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker førarkort personbil klasse B
Aldersgrense: minstealder: 18 år