Kalligrafi og brodering til jul



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: 3864 Rauland
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Varighet: 4 dager
Pris: 4.000
Neste kurs: 31.10.2019 | Vis alle kursdatoer

Førjulstida er den tida på året då me framleis tek fram penn og papir og sender nokre julekort. Dei aller fleste skriv i alle fall nokre namn på pakkelappane. I vår digitale tastekvardag treng me av og til å stanse opp og bruke litt meir tid på handskrifta vår.

På kurset får du innføring i kalligrafiteknikkar du kan bruke i juleførebuingane. Med inspirasjon frå italicskrifta lagar me pakkelappar, julekort og julepynt i papir. Me trenar på å skrive med breidpenn og lærer korleis ein kan bruke pennen til å lage ulike bordar og enkel ornamentikk. Det vert også høve til å trykke enkle motiv med stempelblokker kurshaldaren har skore ut til å trykke med på julekort, pakkelappar og innpakkingspapir. Du treng ikkje å kunne noko om kalligrafi frå før for å få utbytte av kurset.

Om broderidelen:

I ei hektisk førjulstid kan det vera godt å setja av litt tid til å skape noko varig, og eit handarbeid er ei god avveksling frå ein travel kvardag. På kurset syr og broderar vi hjarter, korger og annan julepynt. Med inspirasjon frå gamal pynt og kalligrafiens mjuke svinger lager vi ny pynt som kan vera til glede i mange år. Sjølve arbeida er i ull, men vi nyttar broderigarn i ull og silke, perler og paljettar

Målgruppe for kurset

Du treng ikke kunne brodere for å gå på kurset, det vil vera ei grunnleggjande innføring i ulike teknikkar.

Kursmateriell

Materialpakke til kalligrafi kostar ca kr 350. Pakka inneheld: kalligrafipenn m/ulike splittar, mønsterark, farga og kvitt papir i ulike gramvekter, limstift, hobbykniv, blandepensel, finare pensel, dobbelsidig tape og trykkfarge og temperafarge du brukar på kurset.

Ta med saks, linjal og korg eller boks til å ha arbeida dine i.