Kalligrafi



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: 3864 Rauland
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Varighet: 1 uke
Pris: 6.000
Neste kurs: 22.07.2019 | Vis alle kursdatoer

Kurset skal gje deltakarane ei innføring i kalligrafikunsten. For dei som kan litt skal kurset gje påfyll og høve til å koma eit steg vidare med kalligrafi. Det blir fellesundervisning og individuell rettleiing.

Innhold:
Dette kurset høver for nye og erfarne kalligrafikunstnarar. Kurset gjev innføring i kalligrafikunsten. Vi tek for oss ulike skrifttyper innan vestleg kalligrafi. Det vert lagt mest vekt på italic (renesansekursiv): ei skrifttype som passar godt til invitasjonar, helsingar og liknande. I tillegg blir det undervist I layout og skrifthistorie.

På kurset trenar vi på skrifttyper og bokstavformer og arbeider med enkle prosjekt der du brukar bokstavar og skrift (kort, enkel bokbinding o.l). Dersom du har noko kunnskap om faget frå før, kan du arbeide med eigne prosjekt eller få rettleiing på det nivået du er på. Du får kjøpt materiell på kurset, men ta med det du har av kalligrafipennar, pennesplittar, blekk og vassfarge.

Lærar: Borghild Telnes

Målgruppe for kurset

Kurset høver for nybyrjarar og dei som har prøva litt

Kursmateriell

Ta med dersom du har:
2 penneskaft. 4 stk pennesplittar med reservoar, ulike bredder, minst 2 HB blyantar, blekk, limstift, og lærebok. Alt dette kan du få kjøpt på kurset. I tillegg kan det koma noko utgifter til papir. Materialutgifter ca. 300 - 500 kr.

Anna du kan ta med:
Vinkellinjal, rett, lang linjal, Anna kalligrafiutstyr, teikneutstyr og maleutstyr (t.d. fargeblyantar, akvarellfargar, gouachefargar / dekkfargar)

Vis flere tilsvarende kurs: