Kvåleskajakk arrangerar introkurs på Førdefjorden kvar tirsdag kl. 17-21 frå mai-oktober med oppmøte i ved den yste småbåthamna i Førde. Kurset kan arrangerast andre dagar og andre stadar på førespurnad. Kurset kan også kombinerast med turpadling som eit heildagsopplegg.
							
							
                            
							
								Hovumål med kurset:
Deltakarane introduserast til kajakken og utstyret. Etter endt kurs har deltakeren gjennom enkle praktiske øvingar lært å bruke kajakk, åre, trekk og vest. Gjennomført kurs gjev våttkort.
Kva lærer du:
•	Løfte, bære og sjøsette kajakken.
•	Padle framover med rett kurs.
•	Stoppe.
•	Svinge kajakken begge vegar.
•	Bakoverpadling.
•	Gå rundt og komme seg tilfredsstillande ut av kajakken i vatnet.
•	Ilandstigning.
•	Sitjestilling og god padle-teknikk.
•	Innføring til korleis ein kan auke sikkerheita ved padling.
•	Kjennskap til lokale padleforhold.
Praktisk informasjon:
Inkludert:
Alt kajakkutstyr er inkludert! Du får låne kajakk, åre, redningsvest, spruttrekk, våtdrakt og våtsko.
Krav til deltakar:
•	Svømmedyktig/trygg i vatn.
•	Over 10 år.
•	Gyldig reiseforsikring.
Pris:
Barn (10-15 år): NOK 890
Voksne NOK 1.190