Norge på langs med kajakk

Norge på langs med kajakk
Jarle Traa og Mads Rio, 14.04.2007

Jarle Traa og Mads Rio. Navarro tour 2000

Det var to kameratar frå Voss Jarle Trå og Mads Rio som i slutten av mai la ut i kajakk fra Norges sørligste punkt Lindesnes. Målet var å padle langs norskekysten til Nordkapp. Det skulle være ein sosial tur med vekt på å lage gourmerettar på bålet om kveldane, me skulle klatre på klippene langs kysten, dykke, fiske osv. Idet heile skulle det vere ein stor friluftslivsopplevelse.

Planen var å padle 6 dager så 1 kviledag osv..ca 2-2,5 mil daglig fram til Bergen og deretter 3 mil for dagen. På denne måten skulle vi padle oss i form i begynnelsen av turen. Vi hadde satt av 3 månader til turen, så i slutten av august ville vi vere framme om alt gikk som smurt. I tilleg hadde vi satt av 2 veker ut i september som buffer for liggedager ved dårlig vær. Det skulle snart vise seg at liggedager skulle det bli nok av denne sommeren !

Fyrste dagen fekk me kjempegode forhold med 2m høge dønningar og vind i ryggen. Padla gjennom flott sørlandslandskap og slo leir på ein holme rett ved Farsund. Her lagde me ein vanvittig god middag på bålet og alt var om det skulle være. Før me padla frå Farsund drog me innom postkontoret for å sende heim kvar sin pakkbag med overskuddsutstyr. Dette var den fyrste av i alt 4 heimsendingar av utstyr som viste seg å vere unødvendig å dra på.!!

Neste dag padla vi inn Framvarden, og vi fekk prøva seglet som vi hadde med oss. Vi monterte det på eine kajakken og deretter bandt vi oss inntil kvarandre og suste avgårde begge to ved hjelp av det samme seglet. Dette var ein frydefull framdriftsmåte og me tenkte nok begge to at dette seglet kjem til å bli flittig brukt i sommar.

Som vi ofte gjorde på fyrste del av turen, lånte vi ei hyttebrygge til leirplass om natta. Det regna og blas både om natta og neste dag. Vi prøvde seglet igjen ut Hidrasundet. Hoi kor det kosta avgårde, vinden kom rett bakifrå tok tak i seglet og nesten løfta oss fram.

Innimellom kom vindkuler så kraftige at eg såvidt klarte å holde seglet igjen.

Det heile byrja å følast litt utrygt ,så me pakka ned seglet, og padla vidare med eiga muskelkraft. Vinden øka kraftig, opp i storms styrke så vi fann det best å søke ly i Støvika. Det var kaldt, det sprutregna og det var den verste sørvestlige stormen i manns minne på denne årstida. Småbåter som låg i lune havner sleit seg i fortøyningar, og på Lista vart eit hus blåst av grunnmuren.

Me kom oss ikkje herifrå før 3 dagar seinare. Då var vinden snudd på nord, noko som tok godt på kreftene. Difor gjekk me i land for å kvile og spare krefter til kvelden. Nordavinden pleier nemlig å løye om kvelden og natta, i motsetning til sønnavinden som blåser like kraftig heile døgnet.

Dermed blei det nattpadling på oss, noko som var fasinerande på sin måte. Me slo leir på Lille Prestskjær fyr om natta. Neste dags padling var gjennom røft kystlandskap og innom idylliske viker og skiftande mellom sol og regn.

I Egersund vart me plukka opp av eit lokalt ektepar Roy og Jorunn som hadde kjenningar på Voss. Desse kjenningane hadde bedt dei om å halde auge med to mann i havkajakk og ta godt vare på dei. Me vart med dei ut på den idylliske hytta deira på Solodden og overnatta der, og fekk oppvarting som om me var bestekameratar og dette var hjå vilt fremmede folk. Så sjølv om det var regn og surt ute kjente me me varmen på fleire måtar inne.

Det vart sein ettermiddag før me kom oss avgårde neste dag både fordi me hadde det så hyggelig og fordi pøsregn og vind og utsikt til å gå våte inn i teltet om kvelden ikkje er noe pådrivar til å komme seg ut når ein sit med kaffekoppen framfor peisen.

Men me har eit mål langt der nord, så me kom oss likevel avgårde i pøsregnet .Vinden hadde me i ryggen, og utrulig nok, som alltid når ein fyrst kjem seg ut så er det berre herligt så lenge ein har gode klær, og det hadde me. Når me kom yttaskjers vart likevel dønningane som kom inn frå havet vel store.

Me kryssa ei stor bukt, på kartet ser me at på neset i andre enden av bukta kan me søke ly i ei østvendt vik som har inngang ,ein slags passasje me må igjennom ytterst på neset. Dønningane kjem frå vest, vinden frå sør og når me nærmar oss land, kjem det returbølger frå øst. Dette gjer ein fin miks av opprørt hav så det er med tunga rett i munnen og full konsentrasjon om ikkje å gå rundt me siktar oss inn på opningen ytterst på neset. Naturen gir oss mange inntrykk av dramatikk i det me nærmar oss land skumring,pøsregn, lyden av skummande bølger men mest av alt klippeveggen som bølgene slår mot og løftar skumsprøyten høgt til værs. Minst 15 meter anslår Jarle.

Det er merkelig kor lunt det kan vere inne i ei slik vik. Her er heilt stille og for berre to minutter sidan følte me situasjonen dramatisk .Eit spørsmål dukkar opp. Kvar vart det av ”Det blide sørland”, og kor blir det av alle dei flotte bikinikledde badenymfene me hadde rekna med å stifta bekjentskap med ?

. I følge værmeldinga skal vinden auka på imorgon fredag for så å roa seg på lørdag Vi bestemmer oss difor for å ta ein dags pause, og leiger oss ein bil og køyrer til Stavanger på ein aldri så liten byferie.

Frå padlestart lørdagen blir det fem dagers padling til Haugesund. Langs Jærkysten får me endelig vær som me kan forbinde med sommer.

Oppover Jærkysten padlar me langs noen lange og flotte strender og camper på to av dei. På Selestranda ser me og at småbåtfolket er begynt å komme utpå sjøen Me nyt solnedgangen og eit godt måltid før me roar oss i telta for natta.

Mandag 5/6 skal me innom Sola for å henta kart som me har sendt ”poste-restante” så det vert ein mellomstans på Solastranda. Me handlar inn for dei neste 3 dagane, og padlar ut i havgapet og slår leir på Vistnes ved Boknafjorden. No nyter me solnedgangen med loff, reker majones og kvar sin pils. Stemninga er høg og gitaren kjem fram, og idet det aktverdige seil skipet Sørlandet siglar majestetisk forbi, er det sjølvsagt den gode gamle Rod Stewart melodien I am sailing som vert syngen av full, om enn litt rusten og ramsalt hals.

To dager etter er vi i Haugesund og vert godt mottekne av kameratane våre Otto og Morten. Det store spørsmålet deira er : korleis var turen over Boknafjorden ? Me hadde blikkstilla over, noko som dei lokale høyrer på med vantro . Blikkstilla på Boknafjorden er noko som dei påstår skjer ei gong i tiåret. OK då har me jo også hatt litt flaks på turen.

Ein tur på byen i godt lag for å ha det gøy er noko me syns me fortjener no. Så her vert me i to dagar

. Frå Haugesund deler me oss og eg padlar avgårde lørdagen, medan Jarle startar søndagen Eg har god medvind forbi Bloksen og inn Bømlofjorden.
Når eg slår leir her om søndagskvelden får eg ein forsmak på kva som skal komme til å bli ei plage seinare på sommaren. KNOTT !! Det vesle blodsugande uhyre gjer at eg må springa med ut på eit forblåst nes for å få å ro til å fortære middagen. Samme knotten gjer at eg seinare på turen må slå opp telt om natta for å få sove der eg ellers ville foretrekt å ligge under open himmel.

Om natta kjem Jarle og koker seg noen hot dogs før han stuper inn i teltet.

Mandag 12/6 padlar me gjennom noe som må kallast eit padleparadis: FITJAR. her er så mange viker og holmer og idylliske småstrender at det er ein fryd for auget. Dette området anbefalest virkelig til padlere.

Me krysser Selbjørnfjorden og slår leir på sørøst sida av Huftarøy. Me finn ei idyllisk beliggande vik og går tidleg til ro , for imorgon må me vere tidlig på land så me får sett Norges opningskamp mot Spania i fotball EM. Vinden økar på, så eg må ut for å bardunere teltet midt på natta.

Neste dags etappe vert overraskande kort. Me har vel padla ca 20 min.då Jarle går rundt med kajakken sin . Rulla sitt ikkje som den skulle og han må ut og symja Eg plukkar fyrst opp bagasjen hans som ligg og flyt, padlar inn med den og padlar ut att for å prøva å hjelpa han opp i kajakken. Det viser seg umulig på grunn av bølgene og vindstyrken. Så prøver eg å slepa både Jarle og kajakken, noko som er uhyrleg tungt, sjølv om han hjelper til med å symja sjølv. Jarle lyt berre sleppa taket i kajakken sin og me konsentrerer oss om å få han på land. Siste stykket symjer han sjølv. Kajakken er alt dreve eit godt stykke med vinden så me må håpa at noen båtar som er utpå plukkar den opp. Det viser seg at vinden hadde vore oppe i stormsstyrke og vel så det, men me hadde padla langs land så det var aldrig noen fare for liv. Meir dramatisk var det med kajakken, full lasta med utstyr som var i fare for å bli knust mot bergveggane. Det var sannsynleg at dei som fann ein kantra kajakk i slikt eit ver og ikkje såg eigaren ville ringa etter hjelp. For å unngå ein dyr redningsaksjon ringde eg difor nødnummer 113 og fortalte om hendinga, men at det ikkje sto om liv sidan eigaren var komme på land og var i god behold. .

Kajakken vart i mellomtida plukka opp av ein båt frå eit lokalt oppdrettsanlegg og frakta til kai. Jarle sto på land og vinka utan å bli sett, men på tilbakevegen såg dei han og dei kom inn frakta han inn til kai. Men som me antok, og som riktig var hadde dei kontakta lensmannen som i si tid hadde kontakta redningsfolk. Så når Jarle kom inn til kai var politiet på pletten og ville ha ein redegjørelse for hendinga.
Sea king helikopteret svirra over hodet på meg der eg stod att der Jarle var kommt seg i land. Dei hadde satt i gang redningsaksjon likevel !!

Me fekk nok ein liten reprimade for å ha lagt ut i sånt eit ver , men når uhellet fyrst var ute, fekk me ros for å ha ringt redningssentralen for å prøve å unngå ein unødvendig redningsaksjon. Til vårt lille forsvar kan ein seie at det ikkje var meldt storm.

Okkesom , me kom oss inn til Bekkjarvik og fekk oss eit rom. Stemninga var igjen høg når Norge vann 1-0 over Spania i fotball EM.

Stormen raste i tre dager før me kom oss vidare .Før me nådde Bergen hadde me altså fått to Stormer !! Litt av ein sommer.

Når me kom forbi Brattholmen på Sotra stod det ei nydelig jente på kaien og venta på pappaen sin. Det vart eit gledelig gjensyn og før me for neste dag skreiv ho på kajakken min ”stå på for Stine Blå” som ei oppmuntring for resten av turen.

I Alversund i Lindås kommune tok me ein pause for å delta i elvepadlingskonnkurransen under ekstremsportveka på Voss.

Vidare her ifrå vart det pga nordavinden nattpadling i to netter.

I løpet av natta til 30 juni begynte Jarle å få vondt i handa, og til slutt kunne han ikkje padla meir, så eg gav han litt drahjelp inn til Mjømna ved fensfjorden. Han hadde fått senebetennelse i håndleddet og valgte å gje seg med padlinga. OJ!! Skal sei det var ei uventa vendig turen fekk. No er eg altså aleine.Me tar ein liten avskjedsfest på svaberget og avtaler at han skal kvile handa og bli med på padleturen vidare frå Kristiansund.

Gjennom Gulen er det flott padleterreng og her får eg og ein smak på kor fort været kan skifta. Idet eg går på land for å slå lens har eg vinden i mot, men idet eg sit meg i kajakken igjen har vinden snudd til frisk bris frå sør

Surfer over Sognefjorden og slår leir utanfor Hardbakk.

Nokre dagar seinare er eg på øya Alden. Her treffer eg på Jostein Flo og Tv-teamet som spelar inn ein ekstremsport serie for Nrk. Vert med dei ein dag på Rappelering og Havpadling. Padlar vidare mot Florø .Har byrja å kjenne ”noko” i armane dei siste dagane, så eg tar ein del pausar for å masera armane. I det eg sit i fjæra kjem det opp eit artig ansikt ved sida av meg

Det er ein havoter med ei flyndre i kjeften, me er overaska begge to, oteren dykkar men kjem opp eit par gonger til for å ta meg i nærare augnesyn.

Eg overnattar på Seljestokken nord for Florø Når eg skal avgårde neste dag er verken i armane så plagsom,at eg tar turen tilbake til Florø for å konsultere lege.

Det viser seg som eg var redd for at det er senebetennelse.

Men med litt salve og grundig innføring i masasje og uttøyningsøvelser samt nokre gode ord frå legen med på vegen som” du vert iallefall ikkje invalid av å fortsette” Padlar eg vidare med godt mot.

Den neste månaden vert det mange massasje og utøyningspausar ca ei gong i timen og marsjfarten må avpassas slik at eg ikkje ”tar i ”. På strekk der eg før bukte 5-6 timar, brukar eg no 8-9 timar. Men alt går når ein tar tida til hjelp.

Ferden går vidare innom Bremangerlandet Her ligg Beitelen, ein nesten loddrett fjellvegg (800m) der sagnet seier at Olav den heilage klatra opp for å imponera mennene sine. Flott er den i allefall.

I Skatestraumen får eg fisk på kvart einaste kast lyrar på mellom 1,5-3 kg og prikken over ien torsk på 8 kg

Ein skal ikkje lida nokon naud i matvegen.

Ein sein kveld går eg i land på øya Selja. Her er digre steinar i fjæra, så eg må ta ut all bagasjen for å klara å klyva opp steinane med kajakken, og samme prosedyre i omvendt rekkefylgje om morgonen. Dette er eit minus med å vera åleine. Medan eg driv på, på slaget midnatt, høyrer eg eit dunk, som om nokon slo med klubbe på ei ståltønne som ligg der. Eg speidar etter folk, men ser ingen. Det heile virkar litt mystisk særlig med tanke på ryktet som går at det spøker i klosterruinane (st.Synnivas kloster) på øya. Eg diskuterer dette neste dag med folk på Selje. Dunket kan ha ei naturleg forklaring med at soloppvarma tønne som vert avkjølt vil bli trykt saman. Uansett er alle einige om at det spøker ute på øya så det kan ha andre forklaringar og.......

I Møre og Romsdal fylke hadde eg sett fram til å få sjå dei flotte snøkledde fjelltoppane, men alt eg såg her var tett skodde som hang langt ned i fjellsidene og følte den kom inn i teltet til meg. Men for fyrste gong sidan Lista på sørlandet har eg vinden i ryggen og kan ta fram seglet. Utrulig gøy.

Men medvinden varar berre ca ein time før eg må ta padleåra fatt igjen.

I Ålesund vert eg i to dager for å feire bursdag , og det passer slik at Sven Oskar og Jarle, er i byen samtidig.

Etter sjøslaget i går er det friskt å fortsette i duskregn. Får noen dager med laber framdrift pga nordavinden. Ligg halvanna døgn mellom noen nøst og venter på at vinden skal roa seg. Venting tærer på humøret! Set avgårde ved 23 tida ein kveld held på å trakka på ein steinbit som ligg heilt inne på grunnt vann. Steinbiten ser nesten komisk ut der den vrenger augo opp i skallen for å sjå kva eg foretar meg (Han trur at han ikkje er oppdaga).

Nattpadling er ok , men ut av skodda kjem eit seglskip nesten oppe i skyene. Kva er no dette? Drøymer eg eller ser eg berrre syner. Tankane streifer den ”flyvende hollender” som sig sakte forbi. Og vert borte att i natteskodda.
Svaret får eg noen dagar seinare. Kjartan såg eit ombygd russisk cruiseskip, der dei hadde sett på master oppe i tolvte etasje. Ein bastard kan ein trygt sei.


Ei natt eg overnatter heilt i fjæra holder ei nise meg med hyggelig selskap Me er visst selskapssjuke begge to ,så me går godt ilag.

Over Hustadvika vert det kompassnavigering. Eg ser ikkje mykje, men likevel såpass at her må vere eit padleeldorado i godvær med lange grunner og mykje små holmar og skjær. I enden av Hustadvika vert eg henta av Kjartan Nes ein kompis eg møtte i Florø som då var på sykeltur frå Molde til Lindesnes.
Eit avbrekk her med Brannkamp Moldejazz og Bacalao gjer godt frå den daglige padlerutinen. Då eg forlater Hustadvika er det blå himmel og solskinn så eg får eit glimt av dei flotte fjella her likevel.

Eg må innom Kristiansund for å hente kart til neste etappe.
Handlar på torget og kjøper meg reker og loff til kveldskosen som vert inntatt i solnedgangen på eit skjær utafor byen. Om natta lander ein Hegra rett ved soveposen og lettar sitt hjerte til meg. Eg høyrer på men då eg snur meg i soveposen for å snakka litt eg og ,vert hegren så skremt og oppskaka at eg har mest aldri høyrt på maken til bråk. Det var nok ikkje meg han snakka til likevel ,for no vil han visst advare heile verden mot den fyren som ligg der nede. Jaja eg må no le av skrålet hans.

Ser i løpet av dei neste dagane både sel og Rådyr og får til og med filma ei ørn som tar ei måse. Det vert noen varme dagar med fine leirplassar gitaren kjem fram ved leirbålet og skremmer oteren på sjøen, men det er ein måse som har lagt sin elsk på musikken min . Den sit heile kvelden og lyttar til gitarklunkinga. Auren hoppar i storvika, om det er i yr glede over musikken vites ikkje.

Pga Nordavinden padlar eg noen etapper om natta og prøver å sove om dagen samtidig som eg soler meg. Ikkje noe sjakktrekk det. Å sovna i solsteiken bada i svette er ikkje lett. Så etter neste natts padling er eg verkelg trøytt og gleder meg stort til å komme i soveposen. Men akk og ve det har gått hol på pakksekken som soveposen ligg i. Den er våt, men eg ønsker så inderlig å sove så eg kryp oppi i det sola er i stiger opp. Når eg står opp i 14-15 tida er posen tørr. Og eg utkvilt.

Magerøya v/Trondheimsfjorden er verdt eit besøk. Her vart eg hjertelig mottatt av vertskapet Marit og Jan Even Lian. God mat og drikke ute i hagen i varmt sommarvær. Gitarkonsert på trappa i lag med sønnen Mads.
Det var fristende å bli lenger på Magerøya, men nordkapp vinka i det fjerne. Så ferden bar videre, fyrst i strålande solskinn,men om kvelden tiltykning til tåke. Eg kunne så vidt skimte kajakktuppen på det tettaste før ilandstigning på Kongensvoll.

Ferden går oppover langs Ørlandet, går inn i fjorder, og mellom skjær, ei natt på Madsøya så er eg i Lysøysund. Treffer noen kjekke folk her ,og får overnatte i ein flott seilbåt. Tidlig avgårde på blikkstilla neste morgen. Når solgangsbrisen får tak ved tolvtida, vert det tyngre å padle.Finn ein flott leirplass på Hardbakk spelar gitar og koser meg med god mat og gleder meg til ei god natts søvn under open himmel.

Knott!! Mygg!! You name it det vert ikkje mykje søvn den natta og ein sjefsbestemmelse vart tatt. Teltet skal opp uansett vær og kor idyllisk det ser ut til å ligga under open himmel på svaberga. Vern mot myggen må prioriterast!!

Treffer nesten daglig på ørn, oter ser eg og ein del av. Å komme tett inn på dyrelivet gir ein ekstra inspirasjon.



Eg er på Aspøya då Jarle informerer om at han definititvt ikkje vert med å padle meir.
Det er turens største nedtur at Jarle gir opp padleekspedisjonen vår! Resten av turen må eg padla åleine. Det var aldrig planen! Ja,ja det går vel det og..

Pga sterk vind vert det ein liggedag her.

Då eg startar padlinga i dag har eg frisk bris i ryggen.og føler at endelig har lykka snudd seg angående medvind/motvind.

Så lenge eg er innaskjærs er alt velstand, men så skal eg krysse det opne havstykket Folda ! Det kjem inn store dønningar vest ifrå havet og møter sønnavinden som kjem ut fjorden. Bølger frå vest og sør møtest og lager ”firkantbølger” Som er ustabilt å padle på . Eg har ikkje padla lenge før eg bestemmer meg for å snu, dette er i overkant med bølger. Når eg kjem i ly for vestabølgene sit eg og ser på havet, og det irriterer meg å ikkje få padla meir idag. Samtidig som bølgene verkar ikkje så skremmande lenger . Eg får det over meg eg prøver. Med tunga rett i munnen surfes det på dønningane og det kjem til og med ein følelse av yr glede og kontroll over det store Havet.

Akkorat den kjensla varer ikkje lenge. Når eg er midt utpå er det skrekken som er i ferd med å få overtaket. Bølgene er i overkant store dei kjem bakifrå og kastar på kajakken så eg har mi fylle hyra med å holde stø kurs. På andre sida er det frådande skum der bølgene treffer fjellveggen. Det er bratt fjell så langt eg kan se, men på kartet ser eg at det ligger to holmer som det skal vere mulig å lure seg bakom. Det vert ei spennande ferd inn mot land. For fyrste gong på turen kjenner eg ei lammende redsle som eg må bruke all viljekraft for å kontrollere. Eg får to bølger som slår over både meg og kajakken bakifrå. Havet er utrolig mektig og eg har slett ikkje lenger følelesen over å kontrollere det for å sei det mildt.

Ramma rundt, med tåke langt ned i fjellsida, styrtregn, synet og ikkje minst lydinntrykket der havet treff fjellet og brøler medan kvitfråden står, gjer dette til eit mektig minne.

Eg kjem meg i land på baksida av disse holmane. Her vert eg liggande verfast i 4 dagar! Utrulig kor frusterende det er å ligge i så lenge.Tidsskjemaet er iferd med å ryke . Eg får tid til å tenke godt igjennom resten av padleturen. Med den framdriften eg har no vil eg ikkje vere på nordkapp før i oktober. Medan padleturen etter planen skulle vore avslutta i august.

Med denne framdrifta vil det vere realistisk å vere i Bodø i slutten av august. Målet med turen vert difor endra i løpet av dei 4 dagane på Knappholmen til å nå Bodø. Liggetida går med til å spele gitar og å sjå på været !

Eg kjem meg avgårde herifrå 10 august klokka 0500. Er ganske dritt lei av turen no men då eg når land ved Abelvær skin det opp og og etter noen timar i solskinn gjennom nydelig landskap er alt det elendige gløymt. Denne kvelden innvilgar eg meg eit rom på gjestgiveri i Rørvik.

I Rørvik får eg fiksa telefonen min og vaska ein del klær.


Frå Rørvik og nordover byrjar noe av det virkelig flottaste padlelandskapet i Norge. Helgelandskysten. Her kan ein padla timesvis på grunner der ein ser botnen og livet der. Mykje flotte sandstrender. Skogar og ikkje minst dei flotte fjelltoppene. I Nordland fylke såg eg Ørn omlag kvar dag. Ei gong var eg så tett på at eg trudde den skulle landa på kajakkken min. Trudde jo at dette var ein naturopplevelse i særklasse, heilt til eg snakka med ein lokal fiskar som fortalde at dei ofte hadde ørn som på båten og henta fiskeslo.!!

I Brønnøysund vart det ein dags pause for å gjere ærend vasking, hente kart på posten og eit lite pubbesøk. Nachspiel ved campen som var på flytebrygga i sentrum. Sov her under open himmel ,men var avgårde i 7 tida om morgonen så eg vart ikkje tatt for uteliggeri.

Padle til Tjøtta der eg hadde ein flokk kyr og okser på middagsbesøk.

Skal innrømma at eg satt fort ifrå meg middagstalerkenene då eg skjønte at den digre kua som snuste i øyra mitt var ein okse!!

Heile flokken kom . forresten på nattebesøk om natta dei ”tima” det sjølvsagt til rett etter at eg hadde sovna.

Petter Dass sitt minnesmerke ruva godt i terrenget og var eit flott skue ifrå sjøen.

I Sandnessjøen var eg så heldig å få overnatta i det flotte Klubbhuset til den lokale båtforeningen.

Det var mange flotte leirplassar under stupbratte toppar. Ein plass fekk eg meg ein villvær til kompis. Me gjekk tur i skogen om kvelden og eg klødde den. Me leike stanga og den breka glad når eg kom ut av teltet om morgonen. Det var med vemod eg forlot han om morgonen sjølv om me berre hadde kjent kvarandre ifrå kvelden før. Vel vel hadda du budd på Voss hadde du vore svidd smalahove no.

Ein dag eg gjekk i land på Øya Stigen for å vente til vinden løya til kveldingen, kom det folk i båt ut frå øya. Dei sette kurs rett på meg. Eg var glad til for å snakke med folk så eg vinka dei inn. Det visste seg at dei ville jaga meg derifrå, i den tro at eg var moltetjuv. Då eg fekk overbevist de om kva ærend eg var ute i, fekk pipa ein annan lyd og enden på visa var at eg vart invitert heim på torskemiddag og overnatting. Sjæferhunden deira vart eg bestekompis med.

Eg forlot min nye venner neste dag og hadde som mål for dagen Rødøya. Undervegs passerte eg polarsirkelen, og på øya Vikingen gjekk eg iland for å videofilme polarsirkelbautaen. Det gjekk ein vær her som eg helste på i forbifarten eg rekna jo alle dyr som mine personlige venner.

Det visste seg snart at denne Væren ikkje rekna meg som ein personlig venn. Tvert i mot som ein fiendtlig inntrengar i hans personlige kongedømme. Som eg stod der og filma polarsirkelen høyrde eg bak meg kloppeti kloppeti klopp. Rekk akkurat å snu eg og sjå rett i horna på væren som er i spranget før den treff meg i sida. Det vert ein kamp som på ein tyrefektararena Der eg er den ufrivillige tyrefektaren. Eg prøver utmattingstaktikken for å få den til å gå lei. Væren på si side later som den er uinteressert i meg heilt til eg forlater ein trygg stein eller liknande då er han etter meg i fulltfirsprang. Har du noen gong prøvd å spurte i fullt neoprenutstur redningdsvest då veit du at ein vert fort sliten. Tryna i myra med væren hakk ihel, og då eg endelig hoppa i kajakken var eg sliten som om eg hadde vore i krigen. Resten av dagen var gjennom flott landskap. Eg hadde selskap av mykje niser, og ved leir plassen på Rødøya låg eg og høyrde på nisene heile kvelden.

Fjelltur.

Eit par mil frå Rødøya kjem ein til Kunna. Det er eit slags Stadthav i miniatyr der havet står på både frå sør,vest og nord. Her står og eit minnesmerke frå krigen der ein ubåt gjekk ned. Det er ganske stort og mektig å padle forbi her så eg er skikkelig fornøyd når eg er kommen rundt.

Eg slår leir på Høgnakken etter å ha padla 56 km den dagen.

På grunn av vinden velger eg å gå innaskjers før saltsjøen ved Bodø, det er litt omveg, men det viser seg å vere lurt. Her ute er det 2 meter bølger mens det er heilt stillt med ei gong eg kjem innaskjers.

På turen Nordover har eg ofte tenkt på at det skulle vore kjekt å fått sett spekkhoggere på nært hold. Det er i følge lokalbefolkning som eg har snakka med rart at eg ikkje har truffe på dei i og med at det er så mykje av dei i området her. Likevel då eg er midt utpå i ferd med å krysse saltsjøen ser det ut for at eg får mitt møte med spekkhoggerne!! Eg får bølgen på sida frå vest, og med sola i ryggen kjem det ein svær spekkhoggarfinne i mot meg. Eg kjenner nakkehårene reiser seg, spenningen sitrar i kroppen. Føler at eg har nok å med å manøvrere kajakken i sidebølgene om eg ikkje skal bli stressa av ein flokk spekkhuggere også. Det var no eit ubeleielig tidspunkt dei valgte for å vise seg.!

For å gjere historien kort. Det viser seg å vere eit aldrig så lite synsbedrag. Finnen som eg såg er ein mann i motorbåt!! Når eg er på toppen av ei bølge er han nede i bølgedalen slik at eg ser ikkje båten, berre ein oppreist mann. Når han i tilleg har sola i ryggen slik at eg får den i augo såg det på avstand ut som finnen på ein spekkhugger. For ei gongs skuld var eg litt glad for at det var eit synsbedrag. Men det var ei fin avslutning på turen.

Om ettermiddagen er eg i Bodø. Der vert eg møtt på kaien av polske seglarar som Seglar Narvik- Bergen. Tar ein liten avslutningsparty med dei. Må nett innom Lofoten før eg drar heim att. På ein liten fjelltur. I frå Stamsund tar eg Hurtigruta heile vegen heim att. Det vert nok ein litt anna måte å oppleve norskekysten. Men ikkje verst den heller!!

Hjemmeside:

www.vaattogvilt.no