Voss Hang- og Paragliderklubb
Voss Hang og paragliderklubb er Noregs største klubb med over 700 medlemmar.
Høge fjell gjer Voss til ein svært godt eigna plass for paragliding og speedriding, både sommar og vinter. Sidan klubben starta i 1976 har vi heile tida utvikla eit kjekt og aktivt miljø. I seinare år har vi investert mykje på startane. Området rundt Voss har gode og lett tilgjengelege startar på dei fleste vindretningane. Midtpunktet for aktivitetane er gondolbana til Hanguren, med landinga og treffpunktet på Minigolfen, med flot utsikt over Vangsvatnet. Nyt Voss frå lufta og på bakken!