Vev, kom deg vidare- moglegheitar i veven



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Innsjekking frå kl. 14.00
Varighet: 7 dager
Pris: 8500
Neste kurs: 14.07.2025 | Vis alle kursdatoer

Dette kurset er for deg som er i gong med vevinga og no vil utforske veven sine mange moglegheitar.

Innhold:
Me jobbar med mange ulike bindingsteknikker og nyttar i hovudsak naturmaterial. Me skal mellom anna innom renningsrips, kypert, halvdreiel og dreiel. Det blir ein kombinasjon av produkt og prøvelappar. Me jobbar med bindingslære, materiallære og garnutreikning.
Ei enkel innføring i vevprogrammet Weavepoint.

Du får også nyttige tips om korleis ein tar vare på kroppen når ein vev.

Kursleder: Rita Vistad
Epost: r.vistad(a)online.no

Målgruppe for kurset:
Alle som har sett opp ein vev frå før og ynskjer å koma vidare i faget

Forkunnskaper:
• Grunnleggende vevkunnskapar

Program:
Måndag:
• Me ser på planane for veka, fordeler prosjekt
• Me blir kjend på verkstaden
• Startar på oppsetting

Tysdag - fredag:
• Oppsetting av vev
• Renning
• Sveiping
• Hovling
• Tre i vevskje
• Framknyting, nedknyting,
• Veving
• Teori.
• Gode råd og tips

Laurdag og sundag:
• Avslutte veven
• Ferdigstille og klargjera til miniutstilling
• Oppsummering og evaluering

Kursmateriell:
Alle deltakarane får tilgang til vevstolar og naudsynt vevutstyr. Ta med perm med plastlommer (eller liknende) til å montere vevprøver i. Skrivesaker og notatblokk, gjerne ruteblokk. Saks, måleband. Tjukke sokkar / tøflar, kopp. Hugs å merke privat utstyr med namn. Datamaskin med WeavePoint om du har.
Ekstra kostnadar med garn, pris kjem an på kor mykje du brukar eller om du tar med noko sjølv. DET ER IKKJE INKLUDERT I KURSPRISEN!

Anbefalt litteratur:
• Laila Lundell - Den store vevboka
• Ulla Cyrus-Zetterström - Håndbok i veving
• Ta gjerne med andre vevbøker også. Husk å merke private bøker med navn.


Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtala, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar fylgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjeld også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.

Vis flere tilsvarende kurs: