Rosemåling - Ein leik med fargar



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Innsjekking frå kl. 14.00
Varighet: 7 dager
Pris: 8500
Neste kurs: 14.07.2025 | Vis alle kursdatoer

Me tilbyr kurs om rosemaling og dekorative teknikkar. På kurset lærer du korleis du kan nytte laseringsteknikken saman med rosemåling. På dette kurset skal me sjå korleis form og farge kan bli brukt i oppbygginga av mønster i rosemåling.

Innhald:
Det bli lagt stor vekt på pensel- og linjeføring. Me let oss inspirere av nye og gamle mønster. Det blir felles- og individuell undervisning der hovudvekta ligg på praktiske øvingar. Det blir hovudsakleg oljefargar, med høve for akrylfarger dersom ein ynskjer det. Laseringteknikken blir gjennomgått i teori og praksis og kurset innheld teori om oppbygging og linjeføring i ei telemarksrose(men hovudvekta ligg på praktisk øvingar.) Vivian Grieg Teisner har mastergrad i tradisjonskunst frå HIT, Rauland, og er kjend for å prøve nytt innan rosemålingskunsten.

Lærar: Vivian Grieg Teisner. Epost: viviangteisner(a)gmail.com

Målgruppe for kurset:
Kurset høver for deg som har prøva litt lasering og rosemåling, men det er og plass for nybyrjarar.

Forkunnskaper:
• Du kan bli med på kurset sjølv om du ikkje har erfaring med rosemåling frå før

Kursmateriell:
Du treng oljefargar, helst kunstnarkvalitet i fylgjande fargar: Titan kvit, ljos -og mørk gul kadmium, gul oker, lys raud kadmium,(engelsk raud) preusser blå, evt. ultramarin og svart, brent sienna, brent eller rå umbra. Nokre material kan kjøpas på kurset.

Pensler:
• Flate mårhår eller syntetiske penslar, str. 4, 6, evt. str. 8 for større motiv.
• Rund konturpensel, lang bust, helst syntetisk bust, str. 2 eller 4.

Annet utstyr:
• Koka / bleika linolje
• Palett
• Penselrens, for eksempel lampeolje
• Sandpapir (120)
• Filler, tørkerull, matpapir, blyant, viskelær, teikneblokk, svamp, penslar til grunning og lasering,(fordriver)vaselin, maskeringstape
• Gjenstandar å måle på kan vera ubehandlet og grunnas på kurset

Ta med eigne vatnbaserte fargar å grunne med. Ta gjerne med serviettar, innpakningspapir, kort eller anna som du synes er fine og som kan bli bruka som inspirasjon! OBS! Du kan og arbeide med akrylmåling på dette kurset.

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjeld også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.