Bygdeyoga er eit lavterskel yogatilbod i Ulstein kommune. Tilbodet er tilgjengeleg både på Reitensalen i Ulsteinvik og på Dimna Grendahus.

Linn Urke Osnes frå Skeide i Ulsteinvik, er drivar og yogalærar i Bygdeyoga. Ho er utdanna yogalærar frå Yogaworks, og underviser Hatha yoga (fysisk yoga). Linn har bakgrunn som dansar og dansepedagog og er sertifisert instruktør i Mindfulness. Linn er inspirert frå mange ulike yogatradisjonar og stilar, men yogaen på Bygdeyoga er jordnær og lett tilgjengeleg for dei fleste. Når du kjem på ein yogatime i regi av Bygdeyoga skal du kjenne deg velkomen, komfortabel og inspirert til å ta fatt på din eigen yogapraksis.

Bygdeyoga tilbyr i hovudsak fire ulike tilbod:
- Mjuk flyt
- Energiflyt
- Sterk flyt
- Nybyrjarkurs

Linn er opptatt av å tilrettelegge for ulike kroppar, forutsetningar og nivå, og at yogatimane skal vere trygge men samtidig inspirerande og utfordrande. Timane er sjeldan like, men nokre Asana (øvingar) er gjengangarar i kvar time. Yo


 |  1 2   |  Neste side >>

Slyngeyoga

Vi tilby kurs og drop-in- timar i slyngeyoga. Dette er ei yogaform der øvingane blir gjort hengande i ei slynge eller som hjelpemiddel til yogaøvingane. Kurs og drop-in.

Sted Dato Varighet Pris
Ulstein / Ulsteinvik Ulstein / Ulsteinvik  

Yogatimar - Ashtangabasert yoga

I Ashtangabasert yoga praktiserer vi ein fast serie av øvingar der pusten er drivkraft for bevegelsen. Då mønsteret av øvingar er (nesten) det samme kvar time, er denne timen ypperleg for å finne konsentrasjon og djup pust.

Sted Dato Varighet Pris
Ulstein / Ulsteinvik Ulstein / Ulsteinvik 150 kr  

Yogatimar - flyt 1

Vi tilbyr jivamukti yoga. Jivamukti yoga er ei dynamisk og fysisk vinyasabasert yogatime. Timen passar best for dei som har erfaring med vinyasayoga frå frå Flyt og Ashtanga. Drop-in 75 min.

Sted Dato Varighet Pris
Ulstein / Ulsteinvik Ulstein / Ulsteinvik  

Yogatimar - flyt 1/2

Vi tilbyr yogatimar - flyt 1/2. Flyt 1/2 er ein dynamisk yogatime der øvingane er ssett saman i sekvensar. Her får duutfordra både styrke, bevegelighet, balanse og konsentrasjon og blir alltid avslutta med Savasana (avspenning).

Sted Dato Varighet Pris
Ulstein / Ulsteinvik Ulstein / Ulsteinvik  

Yogatimar - flyt 2

Vi tilbyr yogatimar - flyt 2. Flyt 2 er ein time for dei som er meir erfarne og som ønsker ein meir fysisk krevjande time med høgare tempo og meir avanserte øvingar. Vi praktiserer øvingar som gir styrke fleksibilitet og balanse og det er alltid element av inversjonar (opp-ned-posisjonar) i timen.

Sted Dato Varighet Pris
Ulstein / Ulsteinvik Ulstein / Ulsteinvik  

Yogatimar - Medisinsk yoga (kurs)

Vi tilbyr kurs i medisinsk yoga. Dette er ein roleg og terapeutisk yogaform med fokus på pust, avspenning og øvingar for fleksibilitet og avspenning i hofte, rygg, nakke og skuldre. Øvingane er enkle, men effektive og kan blant anna betre søvn, redusere stress og kroniske smerter.

Sted Dato Varighet Pris
Ulstein / Ulsteinvik Ulstein / Ulsteinvik 8 kvelder 1.200 kr  

Yogatimar - Mjuk flyt

Vi tilbyr yogatimar - Mjuk flyt. Dette er ein mjuk og tilgjengeleg time som passar dei fleste, også nybyrjarar. I denne timen er øvingane sett saman i sekvensar. Timane er bygd rundt solhelsingar der ståande, sittande og liggande øvingar er intergrert.

Sted Dato Varighet Pris
Ulstein / Ulsteinvik Ulstein / Ulsteinvik 150 kr  

Yogatimar - nybyrjarkurs

Vi tilbyr nybyrjarkurs i yoga. Nybyrjarkurset gir deg en god innføring i enkel fysisk yoga og pust. Kurset gir deg et godt grunnlag til å fortsette på mange av dei opne timane.

Sted Dato Varighet Pris
Ulstein / Ulsteinvik Ulstein / Ulsteinvik  
 |  1 2   |  Neste side >>