Figurativt oljemaleri



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 7 dager
Pris: 7800
Neste kurs: 15.07.2024 | Vis alle kursdatoer

Vi tilbyr malekurs i figurativt oljemaleri. Har du drøymt om å kunne male? Nå kan du lære det på kurs med Ruth Kvålo Dalen

Innhald:
Kurset starter med ein teoridel der vi snakkar om korleis hjernen er bygd opp med ein kreativ og ein logisk hjernehalvdel. Vi fortset med nokre enkle øvingar der vi har fokus på "å teikne det vi ser» og å ta i bruk den kreative hjernehalvdelen vår i større grad. Så tar vi med oss denne kunnskapen viare inn i oljemaleriet og øver oss på "å sjå fargar». Vi legg opp paletten saman og går igjennom oppbygging av maleriet lag for lag med eksempler og veiledning. Vi har portrett som utgangspunkt men kurset er meint å legge eit grunnlag for alle typer motiv. Kurset er også lagt opp slik at alle kan delta uansett erfaring sidan alle får individuell oppfylgjing utover i kurset.

Lærar: Ruth Kvålo Dalen. Epost: ruth.kvalo.dalen(a)gmail.com

Målgruppe for kurset:
Kurset passer for alle, om du har erfaring eller ei

Kursmateriell:
Dette treng du:
-palett ( kan vere ei tynn finerplate e.l som du har liggjande)
-penslar (ein eller to runde størrelser nr.4 og/eller 6, og 2-3 flate i størrelse 1, 6 og 14 el 16. Avrunda hjørne på busta er best. Søstrene Grene har gode og billige pensler!)
-filler ( gjerne eit gamalt putetrekk eller liknande som du kan rive)
-terpentin
-malemedium (eg bruker lite malemedium men ei flaske liquin kan vere ok å ha)
-oljemaling (sjå liste under over farger)
-Lerret (maks format ikkje større enn ca 40 cm bredde.)
-skisseblokk i A3 størrelse
-teikneblyant B eller B2
-godt viskelær
-blyantkvesser
-eit glass til å ha terpentin i, gjerne med lokk

Oljefarger:
Ruth brukar Old Holland men du treng ikkje å byrje med det dyraste viss du ikkje er godt i gang allerede og har lyst til å «avansere». Eg har derfor laga materialpakker (ca. kr. 1900) som inneheld det du treng av materiell og oljefarger i ein kvalitet som er god og mykje billigare enn Old holland, veldig bra for deg som skal på kurs!

Maletuber, Winsor & Newton:

8stk Lemon yellow hue nr. 346
8stk Naples yellow hue nr. 422
8stk yellow ochre nr. 744
8stk Ivory black nr. 331
8stk French ultramarine nr. 263
8stk Cerulean blue hue nr. 138
8stk Cadmium red, deep hue nr. 098
8stk alizarine crimson nr. 468
8stk burn umber nr. 076
8.stk emerald green nr. 241
8.stk Chrome green hue nr. 145
8stk oxide of chromium nr. 459
8stk raw umber nr.554
8stk titanium hvite nr. 644

(bytt gjerne ut Chrome green med green umber fra Old holland )

Ferdig materiellpakke du kan bestille av meg:
4 Pensler kr.357
14 tuber , Winsor & Newton kr.840 (oversikt over farger i denne pakka finn du nedanfor)
1 lerret kr.164
1 palett kr.68
1 liquin kr.60
1.A3 skisseblokk kr.124
1 blyant kr.24
1 viskelær kr.32
1 terpentin kr.232

Totalt ved bestilling av heile pakka: kr. 1900 ( med forbehold om små justeringer,- dette blir ev opplyst om før du bestiller)

Hjemmeside: ruthkvaalodalen.no
Insta: ruth.kvalo.dalen_art
Insta: husfruen_paanigardlid

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.