Øygarden brann og redning KF

Øygarden brann og redning (ØBR) er under endring til eit kommunalt føretak. Styret er direkte underlagt kommunestyret i den nye kommunen. Det nye styret er vald av kommunestyret for Nye Øygarden kommune.
Det nye føretaket famnar om Nye Øygarden kommune (01.01.2020) i Vestland fylke. Regionen har omlag 38 500 innbyggjarar, og eit areal på om lag 300 km2. Føretaket er delt inn i ei administrasjonsavdeling, ei beredskapsavdeling og ei førebyggjande avdeling

ØBR har tre brannstasjonar (Dalsneset, Skogsskiftet og Ågotnes). Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes, der administrasjonen held til. ØBR har det administrative ansvaret for Kystverket sitt oljeverndepot, for den del som tidlegare var på Coast Center Base på Ågotnes. Denne depotstyrken er no samlokalisert med Solund depot på Mongstad Base. Føretaket har om lag 70 heil- og deltidstilsette.


Brannvernkurs - bedriftsinternt

Øygarden brann og redning kan tilby skreddarsydde kurs innan brannvern til alle typar verksemder, grendalag og offentlege institusjonar m.m. Opplæringa blir tilpassa ut i frå dei behov og ønskjer som oppdragsgjevar har.

Sted Dato Varighet Pris
Fjell Fjell Avtales kr  

Førstehjelpskurs - bedriftsinternt

Øygarden brann og redning kan tilby kurs innan førstehjelp. Opplæringa kan bli tilpassa ut i frå dei behov og ønskjer som oppdragsgjevar har. Vi er konkurransedyktige på pris og våre instruktørar har høg kompetanse.

Sted Dato Varighet Pris
Fjell Fjell Avtales kr