Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. Rauland er kjend for å halde fast på tradisjonane innan folkekultur. Raulandsakademiet A/S blei stifta i 1987. Tidlegare heitte staden Rauland Folkehøgskule og Akademi. Siktemålet til Raulandsakademiet er å drive eit undervisnings- og aktivitetssenter tufta på det beste i folkekulturen.

I samarbeid med Folkeuniversitetet Rauland blir det arrangert kurs innan husflid, handverk, folkemusikk og språk. I tillegg er det mogleg for grupper og einskildpersonar å bu på staden. Skular, skigrupper, kor, korps og andre som treng rimeleg overnattingsplass, kan bu på Raulandsakademiet og ha skikurs, øvingshelg eller seminar. Både sommar og vinter byr fjellet på fine naturopplevingar. Ein kan stå slalåm eller snobrett i eit av skianlegga, renne i Noregs største akebakke med kjelketrekk, nytte tilbodet til Rauland Ridesenter eller vitje ei av kunstsamlingane i området.


<< Forrige side  |  1 2 3 4 5 6 7 8   |  Neste side >>

Lærarbeid, innføring

Målet med kurset er å gje deltakarene grunnleggande og nødvendig kunnskap for å fortsetje å arbeide i lær på eige hand seinare.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 4 dager 4.000 kr  

Male landskapsbilete, olje/akryl

Dette er eit kurs i olje-/akrylmåleri der vi brukar landskapet som motiv. Vi tek for oss grunnleggande fargelære og komposisjon. Vi lagar skisser ute og arbeider vidare med måleriet inne eller ute.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 1 uke 6.000 kr  

Malekurs, oljemaling

Vi tilbyr malekurs, oljemaling.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 1 uke 6.000 kr  

Maling, dekorative teknikkar

På kurset lærer du korleis du kan nytte laseringsteknikken saman med rosemåling. På dette kurset skal vi se hvordan form og farge kan brukes i oppbyggingen av mønstre i rosemaling. Det legges stor vekt på pensel- og linjeføring. Vi lar oss inspirere av nye og gamle mønstre.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 1 uke 6.000 kr  

Maskinstrikking grunnkurs

Vi tilbyr grunnkurs i maskinstrikking. Målsettinga er at deltakarane skal læregrunnleggande arbeidsprosessar på strikkemaskina. Det blir gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 1 uke 6.000 kr  

Maskinstrikking, lær Designa Knit DK8

Vi tilbyr kurs i maskinstrikking, lær Designa Knit DK8. Lag dine eigne strikkplagg! Med dataprogrammet "Designa Knit" er det lett å lage ymse modellar og størrelsar. Her er kurset for deg som har kjøpt programmet, men aldri kome heilt i gang med å bruke det.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 1 uke 6.000 kr  

Middelalderretreat, kalligrafi, fargepigment, bladgull m.m.

«Gåsefjøra skrapar mot pergamentet og vakre middelalderbokstavar prydar sidene. Bladgull lyser i skin fra levande ljos.Mineral vert knust til pigmentpulver og bearbeidd til farge. I bakgrunnen høyrer ein gregoriansk song.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 1 uke 6.000 kr  

Neversløyd/fletting

Lær å lage bruksting av never! Never er eit fantastisk materiale som kan nyttast til korger, vesker sko m.m. Bli kjend med eit fantastisk naturmateriale : bjørkenever.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 4 dager 4.000 kr  
<< Forrige side  |  1 2 3 4 5 6 7 8   |  Neste side >>