Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. Rauland er kjend for å halde fast på tradisjonane innan folkekultur. Raulandsakademiet A/S blei stifta i 1987. Tidlegare heitte staden Rauland Folkehøgskule og Akademi. Siktemålet til Raulandsakademiet er å drive eit undervisnings- og aktivitetssenter tufta på det beste i folkekulturen. I samarbeid med Folkeuniversitetet Rauland blir det arrangert kurs innan husflid, handverk, folkemusikk og språk. I tillegg er det mogleg for grupper og einskildpersonar å bu på staden.

Skular, skigrupper, kor, korps og andre som treng rimeleg overnattingsplass, kan bu på Raulandsakademiet og ha skikurs, øvingshelg eller seminar. Både sommar og vinter byr fjellet på fine naturopplevingar. Ein kan stå slalåm eller snobrett i eit av skianlegga, renne i Noregs største akebakke med kjelketrekk, nytte tilbodet til Rauland Ridesenter eller vitje ei av kunstsamlingane i området.


Akvarell

Vi tilbyr malekurs i akvarell. Målsettinga er å gje ein innføring i akvarellteknikkane. Lag dine eigne kunstverk med akvarell! Å male akvarell ser kanskje lett ut? Men her er det mykje å lære. Du blir kjent med ulike akvarellteknikkar.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 08.07.2024 7 dager08.07.2024 7800 kr  

Figurativt oljemaleri

Vi tilbyr malekurs i figurativt oljemaleri. Har du drøymt om å kunne male? Nå kan du lære det på kurs med Ruth Kvålo Dalen

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 15.07.2024 7 dager15.07.2024 7800 kr  

Kalligrafikurs

Vi tilbyr kurs i kalligrafi. Kurset gjev innføring i kalligrafi. Vi tek for oss ulike skrifttyper innan vestleg skrivekunst. Det vert lagt mest vekt på italic (renesansekursiv): ei skrifttype som passar godt til invitasjonar, helsingar og liknande.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 26.09.2024 4 dager26.09.2024 4995 kr  

Rosemaling, dekorative teknikkar

Vi tilbyr kurs om rosemaling og dekorative teknikkar. På kurset lærer du korleis du kan nytte laseringsteknikken saman med rosemåling. På dette kurset skal vi se hvordan form og farge kan brukes i oppbyggingen av mønstre i rosemaling.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 22.07.2024 7 dager22.07.2024 7800 kr  

Wildpainting

Vi tilbyr kurs i Wildpainting med Jan van Boeckel. Bli med på malekurs ved foten av Hardangervidda!. Wildpainting handlar om å kople seg til naturen – å uttryke seg kreativt og ta i bruk alle sansane. Les meir om wildpainting og kurslæraren på www.wildpainting.org

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 22.07.2024 7 dager22.07.2024 8400 kr