Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. Rauland er kjend for å halde fast på tradisjonane innan folkekultur. Raulandsakademiet A/S blei stifta i 1987. Tidlegare heitte staden Rauland Folkehøgskule og Akademi. Siktemålet til Raulandsakademiet er å drive eit undervisnings- og aktivitetssenter tufta på det beste i folkekulturen.

I samarbeid med Folkeuniversitetet Rauland blir det arrangert kurs innan husflid, handverk, folkemusikk og språk. I tillegg er det mogleg for grupper og einskildpersonar å bu på staden. Skular, skigrupper, kor, korps og andre som treng rimeleg overnattingsplass, kan bu på Raulandsakademiet og ha skikurs, øvingshelg eller seminar. Både sommar og vinter byr fjellet på fine naturopplevingar. Ein kan stå slalåm eller snobrett i eit av skianlegga, renne i Noregs største akebakke med kjelketrekk, nytte tilbodet til Rauland Ridesenter eller vitje ei av kunstsamlingane i området.


Foto, grunnkurs

Kurset er beregnet på de som vil ta bedre bilder, ved å lære mer om funksjonene/innstillingene og begrensningene i det digitale kameraet.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 4 dager 4.000 kr