Norsk Landbruksrådgiving Vest SA

Vi formidlar fagkunnskap til beste for eit landbruk i utvikling. Vi er uavhengige og framtidsretta og byggjer rådgivinga vår på høg fagleg kompetanse og lokal kunnskap. Organisasjonen er bondeeigd og bondestyrt med årsmøtet som øvste organ. NLR Vest er del av NLR nasjonalt, som er ei landsdekkande rådgjevarteneste.

NLR Vest er ei samanslutning av Norsk Landbruksrådgiving Sunnmøre, Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland og Norsk Fruktrådgiving Hardanger. Vi er 35 tilsette som tilbyr rådgjeving til landbruket frå Sunnmøre i nord til Haugalandet i sør. Vi er eigd av 4000 bønder. Norsk Landbruksrådgiving Vest har rådgjevarar med spisskompetanse på dyrking av gras, frukt, bær, potet og grønsaker, i tillegg fleire spesialrådgjevarar innan fagområda byggteknikk, økonomi, helse, miljø og sikkerheit.


HMS i landbruket - internettkurs via Teams

HMS i landbruket er kurs i HMS for leiar og andre i landbruksnæringa. Kurset er ein kombinasjon av undervisning med kurshaldar og e-læring med avsluttande ettertest. Kurset blir halde av HMS-rådgivar frå Norsk Landbruksrådgiving.

Sted Dato Varighet Pris
Nettkurs / nettstudie Nettkurs / nettstudie 3 timer fra 2.500 kr  

Praktisk HMS-arbeid - internettkurs via Teams

Vi tilbyr digitalt kurs i praktisk HMS-arbeid som internettkurs via Teams.

Sted Dato Varighet Pris
Nettkurs / nettstudie Nettkurs / nettstudie 12 timer fra 1.900 kr  

Trygt landbruk - internettkurs via Teams

Trygt landbruk er eit oppfriskingskurs i HMS for landbruksnæringa og er tilbydd som e-læring. Kurset er eigna for dei som allereie kan dokumentere kravet til HMS-opplæring i Arbeidsmiljølova §3-5. Kurset er berekna til 6 timar, har valfri ettertest og du får kursbevis.

Sted Dato Varighet Pris
Nettkurs / nettstudie Nettkurs / nettstudie fra 1.000 kr  

Ugras og ugrasbekjemping - internettkurs

NLR Vest sitt nettkurs om utvalde ugras og bekjemping av desse. Høymole, hundekjeks, lyssiv, krypsoleie, vassarve og linbendel.

Sted Dato Varighet Pris
Nettkurs / nettstudie Nettkurs / nettstudie 40 minutter 350 kr