Vev, kom deg vidare, moglegheitar i veven



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 7 dager
Pris: 7800
Neste kurs: 22.07.2024 | Vis alle kursdatoer

Dette kurset er for deg som er i gong med vevinga og no vil utforske vevens mange moglegheitar.

Innhold:
Me jobbar med mange ulike bindingstypar, og skal innom både kypert, toskaft, dreiel og dobbeltvev. Du får med deg mange vevprøvar heim, i tillegg til at du får mulighet til å veve deg veske, skjerf og kanskje til og med eit pledd. Me jobbar med bindingslære og materiallære, der me også nyttar programmet Weavepoint i arbeidet.
Du får også nyttige tips om korleis ein tar vare på kroppen når ein vever.


Kursleder: Solveig Meyer Eide
Epost: solveig(a)vevnad.no

Målgruppe for kurset:
Alle som har vevd litt frå før og ynskjer å kome vidare inn i faget

Forkunnskaper:
• Grunnleggende vevkunnskaper

Program:
Måndag:
• Me ser på planane for veka, fordeler prosjekt
• Me blir kjend på verkstaden
• Startar på oppsetting

Tysdag - fredag:
• Veving
• Oppsetting av vev
• Renning
• Sveiping
• Hovling
• Framknyting, nedknyting, m.m.
• Arbeid med bindingslære i Weavepoint, eventuelt utvikling av eigne prosjekt

Laurdag og sundag:
• Avslutte veven
• Ferdigstille og klargjere til miniutstilling
• Oppsummering og evaluering


Kursmateriell:
Alle deltagerne får tilgang til vevstoler og nødvendig vevutstyr. Ta med perm med plastlommer (eller liknende) til å montere vevprøver i. Skrivesaker og notatblokk, gjerne ruteblokk. Saks, målebånd. Tykke sokker / tøfler, kopp. Husk å merke privat utstyr med navn. Datamaskin med WeavePoint om du har.

Anbefalt litteratur:
• Laila Lundell - Den store vevboka
• Ulla Cyrus-Zetterström - Håndbok i veving
• Ta gjerne med andre vevbøker også. Husk å merke private bøker med navn.

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.

Vis flere tilsvarende kurs: