Teikning/måling



Kursarrangør: Haram Kulturskule
Sted: Vatne ungdomsskule
          Møre og Romsdal, Haram
Kursadresse: Fv147 50, 6265 Vatne (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon

Haram kulturskule arrangerer teikne og måleundervisning.

Haram kulturskule kom i gang hausten 1987 – då med namnet Haram kommunale musikkskule. Og dei første elleve åra av denne historia, var det berre musikkaktivitetar det handla om. Det vart frå starten av gitt tilbod i mange ulike instrument, i tillegg til musikkbarnehage for dei under skulealder. Og forutan musikkskulen sine eigne undervisningstilbod, kunne kor og korps leige dirigentar og lærarar til aspirantar frå musikkskulen.

I vedtaket sitt om oppretting av musikkskule, sa kommunestyret at tilbodet skulle vere desentralisert. Såleis har det vore (og er framleis) undervisningstilbod i dei fleste av bygdene våre. Frå hausten 1998 kom andre kulturfag enn musikk inn i musikk-/kulturskulen: det var teikning/måling, drama og keramikk, og frå hausten 2000 fekk vi med dans og film. Som ei naturleg følgje av dette, vart det på nyåret 2001 bestemt å endre namn til Haram kulturskule.

I skrivande stund har vi undervisningstilbod i faga musikk (som er "storebror"), dans, drama/teater, film og teikning/måling. Frå starten i 1987 og fram til 2003 høyrde kulturskulen til skulesektoren i kommunen. Men ved ei omorganisering av den kommunale drifta, vart kulturskulen lagt inn under den nyskipa eininga Kultur og miljø frå 1. januar 2003.