Vi tilbyr bakekurs i takkebakst, flatbrød og lefser. På dette kurset lærar du å sette deig, kjevle, steike og smørje kling og brau. Vi skal også prøve oss på Tinnlefser. Målsettinga er å lære å bake på takke. Arbeidsformen blir som fellesundervisning og individuell opplæring.
Lærar: Yvonne Minde
Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker bakekurs i takkebakst, flatbrød og lefser
Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper
Kursmateriell:
Ta med rutekjevle, rund lerret bakematte, forkle, gode sko, hodeplagg, skrivesaker. Ta med takke om du har. Utlegg til råvarer er ca kr 500,-.
Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.
Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.
Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.