Sylv/filigran, nybyrjarkurs



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Sommaren 2026
Varighet: 7 dager
Pris: 8500

Me tilbyr innføringskurs i filigran. Kurset er for nybyrjarar.

Innhald:
Filigran er teknikken, som mellom anna er kjend frå draktsylv/bunadssylv frå Telemark, der ein lager delar av sylvtråd og loddar dei saman. På kurset vil ein lære dei grunnleggjande teknikkane som å tvinne trådar, lage fletteband, krusar og kuler (kjørner). Me øvar på å lodde og å gjera ferdig sylvarbeidet med å oksydere og polere. Det blir undervist i å lage ein halsring. Kursdeltakaren vel mellom to alternative modellar ut frå ynskje og kunnskap. Nærare informasjon kjem til alle påmelde.

Lærar: Svein Taksdal,
E- post: staksdal(at)gmail.com

Målgruppe for kurset:
Dette er eit kurs for deg som er heilt fersk på sylvarbeid og filigran eller har prøva litt og treng oppfrisking og trening.

Kursmaterial:
Ta gjerne med eigne sylvråvarer. Nødvendige trådar/plate kan og kjøpast av læraren. Du bør rekne med 300-400 kr i utgifter til sylvråvarer (utanom kursprisen). Ta gjerne med eige verktøy. Filigran er sett saman av mange små detaljar, så det er viktig å sjå godt. Ta gjerne med briller eller lupe ved behov. Boka «Filigran - teknikk og metode» av Marit Andersen anbefalast både som bakgrunn før kurset og som handbok under arbeidet.

Raulandsakademiet har verktøypakker til utleige (kr 300). Innhald i pakka:
• Flatfil, ansatsfil fra vallorbe dobbelthugget nr.2 er å anbefale
• Nålefiler, sett med 6 stk: flat, halvrund, barett, rund, firkant og trekant.(vallorbe nr 2)
• Gullsmedsag
• 2 stk. flattenger
• 1 Spisstang
• 1 Rundtang
• 1 Sideavbiter
• 1 Pinsett / korntang
• 1 Loddepinne i titan
• 1 Loddepinsett med isolert skaft


Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og frå arrangør. Trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar følgjer tryggleiksinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:

Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker.
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.

Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.
Ein kan melde på maks 3 deltakarar pr. påmelding