Sølv, filigran verkstad for vidarekomede



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 7 dager
Pris: 7800
Neste kurs: 08.07.2024 | Vis alle kursdatoer

Vi tilbyr kurs om sølv, filigran verkstad for vidarekomede. Målsettingen er å gje den einskilde tryggleik til å bli meir sjølvstendig. Gjere ferdig arbeider som har blitt liggande pga oppståtte hindringar eller usikkerheit om beste løysing.

Innhald:
Gje ei innføring i enkel graveringsteknikk med spisstikkel og trambulering med flatstikkel. Dele erfaringar og hjelpe kvarandre. Deltakarane arbeider med eigne prosjekt og får vegleiing. Om ein ynsker ei ny oppgåve melder deltakar frå til Eli, og saman blir deltakarar og lærar einige om t.d. to felles oppgåver ein kan velgje mellom. (Lærar sitt framlegg: rosesylgje eller maler) Det vil også vere tilbod om innføring i enkel gravering for dei som ynsker det. Arbeidsformen blir med litt felles undervisning og mykje individuell rettleiing.

Lærar: Eli Taugbøl. Epost: eli.gullsmed(a)gmail.com

Målgruppe for kurset:
Dette er eit vidarekomede kurs i filigran. Kurset passar for dei som har eit godt grunnlag og erfaring med sølvarbeid og filigran frå før.

Forkunnskaper:
• Du må ha erfaring med filigran frå før. Filigran består av mange små detaljar, så det er viktig å sjå godt. Ta gjerne med briller eller lupe ved behov.

Kursmateriell:
Ein spiss og ein flat stikkel. Vi tilpasser, monterer og setter opp stikkelen på kurset. Ta med skrivesaker og lighter. Lesemateriell: ‘Filigran’ av Marit Andersen.

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og frå arrangør. Trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.