Slektsgransking, innføring og påbygging



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 4 dager
Pris: 4 995
Neste kurs: 09.09.2024 | Vis alle kursdatoer

Vi tilbyr kurs i slektsgransking, innføring og påbygging. Du har kanskje sett TV-serien: Hvem tror du at du er? Får du lyst til å grave i eigen historie? Ein slektsgranskar er detektiv i si eiga fortid. Her kan du finne ulike historier, kanskje både på godt og vondt.

Innhald:
På kurset vil du lære kva for verktøy du treng for å finne det du leiter etter – fyrst og fremst kva for kjelder du kan bruke for å finne det du er på jakt etter, og om metodar og teknikkar. Vi sett av tid til arbeid med eiga slekt kvar dag. Liv Marit Haakenstad kom med ei bok i januar 2015 om grunnleggande slektsgransking. Kurset tar utgangspunkt i denne boka. Arbeidsforma blir med førelesning, individuelt arbeid, diskusjon og rettleiing.

Hovudemne:
• Kva er slektsgransking?
• Bruk av kjelder, oversikt og bruken av dei – metodar og teknikkar
• Organisering av slektsmateriale i slektsprogram
• DNA
• Etikk
• Namn og namnetradisjonar
• Korleis skrive godt om slekt


Lærar: Liv Marit Haakenstad

Målgruppe for kurset:
Kurset er for dei som er nye, men også dei som er litt vidarekomande kan ha nytte av kurset

Spesielle krav:
• Kurset krev at deltakarane kan en del om bruk av datamaskin, og at de kan noe om søk på Internett
• I tillegg må ein ha med PC med ferdig-installert slektsprogram

Kursmateriell:
• Ta med noko materiale om eiga slekt
• Ta med bærbar PC og skrivesaker
• Ta med innlogging til databaser, som MyHeritage, DNA-resultater osv.

Du må ha eit slektsprogram:
Legacy Family Tree for Windows - sjå http://www.legacynorsk.com. Bestiller du gjennom den engelske sida, går bestillinga raskare - sjå https://legacyfamilytree.com.
Macbrukere kan bruke Reunion for Mac - https://www.leisterpro.com
Har du eit anna slektsprogram, er det greit.

Har du eit anna slektsprogram, er det greit.

Litteratur:
Haakenstad, Liv Marit (2015). På sporet av familien. Kilder og metoder i slektsgransking. Vigmostad & Bjørke. Kjøp på nettet for eksempel hos Vigmostad&Bjørke (https://vigmostadbjorke.no/products/9788241910791-pa-sporet-av-familien), Ark (www.ark.no) eller meld frå til Liv Marit Haakenstad, så kan ho ta med bøker. Pris kr 499.-

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.

Vis flere tilsvarende kurs: