Påbygging til generell studiekompetanse



Kursarrangør: Stend Videregåande Skule
Sted: Stend vidaregåande skule
          Hordaland, Bergen
Kursadresse: Fanavegen 249, 5244 Fana (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for mer informasjon
Varighet: 1 år

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Om du går Vg3 Påbygg på Stend kan du oppnå generell eller spesiell studiekompetanse og dermed kan du studere vidare på høgskule og universitet. Vg3 Allmennfagleg påbygging er eit år med mykje teori. Du kan velje eit fritt programfag som matte, psykologi, kjemi, biologi og fysikk eller friluftsliv.


Fag:
• Programfag
• Norsk
• Historie
• Matte
• Naturfag
• Kroppsøving

Stend har som målsetting å tilby eit kurs med mange og gode alternative fagval:
• Kjemi 1
• Kjemi 2
• Biologi 1
• Biologi 2
• Media- og informasjonskunnskap 1
• Friluftsliv 1
• Fysikk 1
• Matematikk S2
• Matematikk R2

Dersom det er for få elevar til å starte opp ei gruppe, så gir skulen lærarstøtte til elevane som ønsker å ta faget som privatist. Dersom du driv med hestesport på høgt nivå, kan du på påbygg fortsetje med toppidrett hest.

Målgruppe for kurset:
Kurset er eit tilbod til deg som har fullført Vg1 og Vg2 på eit yrkesfagleg programområde, og som vil ha studiekompetanse.

Eksamen/sertifisering:
Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse

Vis flere tilsvarende kurs: