Intensivkurs paragliding



Sted: Hordaland, Voss
Hordaland
Kursadresse: 5701 Voss
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 9 dager
Pris: 13.900

Vi tilbyr intensivkurs i paragliding. Voss Hang- og Paraglidarklubb er Noregs største klubb med over 700 medlemar. Me har erfarne instruktørar som tek godt vare på kurselevane. Voss er ein svært godt eigna plass til paragliding og kurs.

Me har erfarne instruktørar som tek godt vare på kurselevane. Voss er ein svært godt eigna plass til paragliding og kurs. Sidan starten i 1976 har klubben heile tida utvikla eit kjekt og aktivt miljø. Området rundt oss har gode og lett tilgjengelege startar på alle vindretningar. Ta PG-kurset på Voss !

Me har kun intensivkurs.

Intensivkurset går over 9 dagar. Du må vere med heile tiden under kurset. Du må altså ha fri heile dagen. Me kurser ofte tidleg om morgonen, for då er det rolege vindtilhøve. Pause på dagen og så gjerne flyging att på kvelden. Nokre dagar reiser vi bort og er vekke heile dagen. Så desse dagane har du ikkje mykje tid til anna enn PG-kurset.

Du må vere fylt 15 år og vere i vanleg god fysisk form. I skulebakken går me opp og ned heile dagen, så du kan bli sliten. Men etter kvart som du avanserar bli det lettare og lettare. Til dei fleste startane på Voss kjem me opp i bil. Du må ha solid fottøy og varme vindtette klær.

Først får du lære om utstyret og korleis du startar og lander. Så får du prøve i ein veldig liten bakke, du flyr nokre meter nedover, og jublar! Første småturen i lufta gløymer du ikkje! Vi held på med dette til alle er klare for å gå vidare. Neste trinn er mellomstadie-bakker. Her får du lære å svinge og berekne innflyging til landing. Når alle mestrer dette går me vidare til høgdeturar, med øvingar som legge inn øyrer, fly sakte, svinge jamne sirklar og svinge med bak-raisere. For å få ut PP2 må du ha minst 10 høgdeturar. På Voss har kurselevar ofte betydelig flere turer før kurset er ferdig. Kurset har også teoritimar, dei tek me helst når det ikkje er flybart. Du må bestå ein teoriprøve.

Målgruppe for kurset
Alle som vil lære paragliding