Frukttur til Helgøy



Kursarrangør: Skipper Worse AS
Sted: Rogaland, Stavanger
Rogaland
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: kl 10:00 - 13:00
Varighet: 3 timer
Pris: 350

Familien Helgøy er i oppstartsfasen med å tilby båttur med Helgøy Skyssbåt, til Helgøy og omvisning på fruktgarden vår. Derfor inviterer me nå grupper som vil vera med, mot ein kostpris og eit evalueringsskjema etterpå. Det hadde vore stas om du / dåkke har lyst å bli med!

Båten bruker ca. 1 time inn til Helgøy, med guiding gjennom Rossøysundet og Fisterøyane. Kl 11:00 tar Anne Norunn Helgøy imot oss på kaien, og me går tur på øya i 1,5 time. Det vil bli smaksprøver av frukt, eplesaft og høve til å kjøpa med seg varer frå den vesle gardsbutikken deira. Helgøy er ei lita, veglaus øy i munninga av Årdalsfjorden i Ryfylke.

Øya er delt i to fruktgardar, der me driv den eine. Øya er fruktbar på mange vis: her er tonnevis med eple, pærer, plommer, moreller, barn og pågangsmot. Her får du høyre korleis ein moderne fruktgard vert driven og korleis 4 innbyggarar har blitt til 40. Me håpar du vil setja pris på ein smakebit av sesongen sine frukter, og nyta roen, freden og utsikten over Ryfylke.


Viktig beskjed fra Anne Norunn:

På Helgøy føregjeng alt ute, så kle deg med fottøy og ytterklær etter været! Øya er ganske bratt, og me bruker føtene opp bakkane. Me har sjølvsagt pauser undervegs, men turen er i underkant av 2 km å gå. Det vert servert kaffi og kjeks ombord i båten begge vegar. Her er også tilgang på toalett. I mai blomstrar frukttrea om kapp, i august er morellene modne og i september / oktober haustar me epla og pærene. Opplevinga vil derfor variere med årstidene. I september er me i gang med å hausta epler og pærer. (Celina, dei er nesten garantert dei beste som fins!)

Målgruppe for kurset

Alle som ønsker å være med på frukttur til Helgøy

NB! Hugs at hvis du vil vera med, må du kunna greia å gå 2 km, også i bratte bakkar (med pausar sjølvsagt)!