D6 – Dekksoffiser klasse 6 begrensa



Sted: Sikkerheitssenteret i Måløy, v/Måløy vidaregåande skule, maritimt bygg.
          Sogn og Fjordane, Vågsøy / Måløy
Kursadresse: Tennebø, 6718 Deknepollen (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for avtale
Pris: fra 11.500

Vi tilbyr kurs i D6 – Dekksoffiser klasse 6 begrensa. Sjøfartsdirektoratet har innført eit nytt sertifikat, Kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 6 (D6). Alle som skal føre lasteskip over 8 meter i fartsområde liten kystfart, må frå 01.01.2024 ha sertifikat.

Innhald
• Navigasjon
• Navigasjonshjelpemiddel
• Sjøvegsreglar og bruvakthald
• Stabilitet og lastelære
• Operasjonell leiing
• Teknologi og motorlære

I perioden fram mot 01.01.2024 tilbyr Sikkerheitssenteret i Måløy (SIM) kurs i D6 begrensa gjennom praktisk prøve saman med assessor om bord på eigna fartøy. Vi tilår å ta eit oppfriskingskurs i forkant av praktisk prøve.

Målgruppe for kurset:
Alle som skal føre fartøy opp til 15 meter

Forkunnskaper:
Dekksoffiser klasse 6 (D6) begrensa kompetansesertifikat kan utferdast til den som har 5 års fartstid etter 01.01.2015, har gyldig helseerklæring for arbeidstakarar på skip, har minimum Short Range Certificate (SRC/VHF) og godkjent sikkerhetsopplæring for mindre skip.

Eksamen/sertifisering.
Praktisk prøve/utsjekk blir gjennomført saman med assessor på båt. Kandidat blir vurdert av assessor ut i frå standariserte utsjekksskjema utstedt frå sjøfartsdirektoratet.

Kurs på forespørsel:
Praktisk prøve og oppfriskingskurs blir sett opp på førespurnad, og/eller etter avtale med kunde. Klikk på lenka under for å melde interessa di.