Beltestakk, sy din eigen del 2 av 2



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: 3864 Rauland
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 9 dager
Pris: 10.000

Dette kurset har to deler. Del 1 er seks dagar i veke 29. Del 2 er 3 dagar (oppstart torsdag kl. 19) i veke 39. Påmelding gjeld begge deler. Kursavgift dekker begge deler.

Del 1: Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 15.

Del 2: kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 15.

På dette kurset vil du koma godt i gang med å sy ein beltestakk. Ein vil konsentrere seg om å sy sjølve stakken, livet og forkle. Det blir ikkje tid til å sy skjorte, veve belte, forkleband og hårband. Ein må rekne med ein del heimearbeid mellom dei to kursbolkane. Liv Berit Kaasa har sydd mange beltestakkar og er svært kunnskapsrik når det gjeld tradisjon og val av material og pynteband. Kurs del 1: 15.7-21.7 frå måndag kl 19 til sundag kl 15, Kurs del 2: 26.9-29.9. frå torsdag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 3. juni.

Mål Målet er å koma godt i gang med å sy ein beltestakk. Lære om tradisjon, materialbruk, saumeteknikkar.

Dei fyrste 6 dagane vil du arbeide med å sy saman stakkestoffet og rynke stakken. Stikking av hjul eller skonning og etter kvart førebu saum av livet. Livet må tilpassast den som skal ha stakken. Her blir det tid til å snakke om og vurdere kva slag pynteband ein treng i det vidare arbeidet. Her kan ein og bestemme kva slag materiale og pynteband ein treng til forkle.

Liv Berit vil legge vekt på historie og tradisjon omkring beltestakken og snakke mykje om kva slag val ein har med omsyn til materiale og fargar.

Del 2: 26.9-29.9:Torsdag 1900-2100, fredag og laurdag 0830 – 1600, sundag 1830 – 1500.

Desse tre dagane går ein vidare med pynting av liv og skoning. Tilpasse og sy saman stakk og liv slik at lengda på stakken blir høveleg. Etter kvart starta på forkle.

Opphald og mat. 6 døger Kr 6540,- pluss 3 døger Kr. 3270,-

Målgruppe for kurset

Forkunnskaper:
• Det er sjølvsagt ein fordel å ha kjennskap til handarbeid, men det viktigaste er at du er motivert. I tillegg treng du godt syn, briller eller lupelampe.

Kursmateriell

Du må skaffe det meste av stoff og pynteband sjølv. Dersom du er i tvil om kva du skal kjøpe kan du ta kontakt med Liv Berit. Til dei fyrste 6 dagane er det viktig at du har stakkestoff, materiele til skonning og livstoff klart. Pynteband kan du vente litt med. Det er utruleg mykje å velge i, Liv Berit vil koma med råd og rettleiing om kva ein kan velge.