Bandveving, grindband frå Vest-Telemark



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: 3864 Rauland
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid:
Torsdag, kl 19:00 - 21:00
Fredag, kl 08:30 - 16:00
Laurdag, kl 08:30 - 16:00
Sundag, kl 08:30 - 15:00
Varighet: 4 dager
Pris: 4.000
Neste kurs: 31.10.2019 | Vis alle kursdatoer

Vi tilbyr kurs i bandveving, grindband frå Vest-Telemark. Du lærar veving av plukkeband i grind med og uten spalter.Typiske eksempel på plukkeband er band til Vest- Telemark bunaden, her er botnveven i mercerisert bomull med mønstertrådar i ull.

Vevmetoden gjev deg stor fridom når det gjeld mønster og motiv. Me vil og sjå på anna redskap til og veva band med. Du må ha med bandgrind, helst med spalter og helst grind med 9 spalter, ein trekniv til og plukke mønster med, eit bandvevfeste og belte til å feste bandvevfeste rundt livet. Lærar har med vevmønster og garn, og kan låne ut noko vevutstyr. Målsettingen er å veve stutte prøver på plukkeband i grind med eller utan spalter.

Vi gjer merksam på:
• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar.
• Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Lærar: Eli Vesaas

Målgruppe for kurset

Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper

Kursmateriell

Du må du ha med:
• Skrivesaker, rutebok / rutepapir, måleband og saks.
• Bandgrind, helst med spalter og helst grind med 9 spalter. Den får du kjøpt på Husfliden i Skien tlf 355 22 688

Dette kan du låne av Eli:
• Ein trekniv til og plukke mønster med. Er lett å lage sjølv elles kan du låne av Eli.
• Eit bandvevfeste og belte til å feste bandvevfeste rundt livet. Bandvevfeste og belte kan du få kjøpt på Raulandsakademiet.

Vis flere tilsvarende kurs: