Vi tilbyr malekurs i akvarell. Målsettinga er å gje ein innføring i akvarellteknikkane. Lag dine eigne kunstverk med akvarell! Å male akvarell ser kanskje lett ut? Men her er det mykje å lære. Du blir kjent med ulike akvarellteknikkar.
Innhald:
Vi målar akvarell både ute og inne, landskap, oppstilling m.m. Ivar Øksendal er utdanna frå Statens Kunst-og Handverkskole og Statens Kunstakademi, har hatt mange separatutstillingar og er innkjøpt av fleire galleri. Kursdagen tek til med innleiande foredrag og undervisning. Vi arbeider med akvarell med forskjellige motiv. Du får korrektur under arbeidet og ei oppsummering i plenum etter kvar av øvingane. Dersom det er ver til det kan vi arbeide ute, eller vi arbeider inne.
Agenda:
• Utstyr og materiallære
• Maleteknikkar og penselføring
• Komposisjon og bildebygging
• Tre former for perspektiv
• «Den kreative prosess»
• Praktiske øvelsar og ferdiggjøring
• Landskap, stilleben og portrett mm.
Lærar: Ivar Øksendal
Målgruppe for kurset:
Kurset passer for alle, om du har erfaring eller ei
Kursmateriell:
Deltakarane bør ha med seg:
• Skrin med akvarellfarger
• Akvarellpenslar
• Akvarellpapir av god kvalitet
• Glass med lokk til vann (eit reint syltetøyglass eller liknande)
• Blyant og viskelær
• Maskeringsteip
• Tørkepapir
• Saks
• Tapetkniv/ skjærekniv
• Plate til å arbeide på ute. Ei plate av huntonitt eller finèr f.eks. 40 × 50 cm
• Hårfønar dersom du har
• Liten ryggsekk og ein campingstol for å arbeide ute dersom det er vær til det
NB! Det er mogeleg å få kjøpt akvarellpensler, akvarellpapir og akvarellfarger på kurset.