Jostedalen Breførarlag AS
Velkommen til Jostedalen!
Jostedalen er ei vestlandsbygd med ein sterk lokal kultur, storslått natur og ikke minst fantastiske brear som omkransar dalen og strekkjer seg langt nedover fjellsidene. Mest kjent er Nigardsbreen som kjem heilt ned på 330 moh. før den må gje tapt for låglandssommaren.
Jostedalen Breførarlag tilbyr varierte turar og kurs frå 1 time til 6 dagar. Dei mest brukte turområda våre er breane og fjella i Jostedalen og Jotunheimen. Forholda i Jostedalen gjev dei ypparste vilkår for gode brekurs og klatrekurs.
Breførarlaget har fleire skiturar Jostedalsbreen på langs kvar vår. For turar tidligare på vinteren viser me til selskapet Fimbul Jostedal, som tilbyr ulike typar vinteraktivitetar både i Jostedalen og Jotunheimen.