Kursarrangør:
Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur
|
|
Sted: Telemark, Vinje Raulandsakademiet
|
|
Type:
Åpent kurs / gruppeundervisning
|
|
Pris:
3.900
|
|
Undervisningstid:
Se hjemmeside for tidspunkt.
|
|
Neste kurs:
11.07.2013
| Vis alle kursdatoer
|
| Første kursdag | Siste kursdag | Påmeldingsfrist | | 11.07.2013 | 14.07.2013 | 30.05.2013 |
|
I boka "Writing your life story" seier forfattaren Michael Oke: "Din historie er unik. Hvis den ikke blir skrevet ned vil den forsvinne."
|
Han skriv vidare: "Jeg tror at det mest verdifulle vi kan gi til vår familie og de som skal følge etter oss, er en fortrolig, førstehånds beretning om våre liv." På dette kurset lærer du ulike innfallsvinklar og teknikkar for å skrive ned dine eigne erfaringar. Du får praktiske tips og råd for å starte eller avslutte eit skriveprosjekt, der du jobbar med eigen erindring og hentar inspirasjon frå eige liv. Kurset krev ingen førehandskunnskap.
Kjersti Wold er skjønnlitterær forfatter og har saman med Gro Dahle gjeve ut to bøker om kreativ skriving. Ho har hatt fleire hundre skrivekurs og er ein av dei mest etterspurte kursleiarane i landet.
Kurs måndag kl 19 til torsdag kl 12.
Lærer: Kjersti Wold
|
|
|
|
|
Ønsker du mer informasjon om dette kurset?
|
Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur
Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. Rauland er kjend for å halde fast på tradisjonane innan folkekultur. Raulandsakademiet A/S blei stifta i 1987. Tidlegare heitte staden Rauland Folkehøgskule og Akademi. Siktemålet til Raulandsakademiet er å drive eit undervisnings- og aktivitetssenter tufta på det beste i folkekulturen.
I samarbeid med Folkeuniversitetet Rauland blir det arrangert kurs innan husflid, handverk, folkemusikk og språk. I tillegg er det mogleg for grupper og einskildpersonar å bu på staden. Skular, skigrupper, kor, korps og andre som treng rimeleg overnattingsplass, kan bu på Raulandsakademiet og ha skikurs, øvingshelg eller seminar. Både sommar og vinter byr fjellet på fine naturopplevingar. Ein kan stå slalåm eller snobrett i eit av skianlegga, renne i Noregs største akebakke med kjelketrekk, nytte tilbodet til Rauland Ridesenter eller vitje ei av kunstsamlingane i området.
|
|
|
|
|
Tips en venn
|
|