Kursarrangør:
Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur
|
|
Sted: Telemark, Vinje Raulandsakademiet
|
|
Type:
Åpent kurs / gruppeundervisning
|
|
Pris:
3.100
|
|
Undervisningstid:
Se hjemmeside for tidspunkt.
|
La deg inspirere av Bodil sine mange tradisjonelle matrettar. På kurset vil du lære alt om salting og røyking av matvarer. "Hoppeskinke", pinnekjøt, fenalår, hjarta av vilt og middagspølser.
|
Graving og røyking av fisk. Vi brukar badstoga på Raulandsakademiet til røyking, gjennomgår fleire røykemetodar, teori og praksis og bruk av fleire røykematerial. Du må rekne ca 2000 kr i råvarekostnad, alt etter kor mykje som blir laga og kva vi får tak i. Deltakarane tek med seg dei ferdige produkta heim.
Bodil har gjeve ut fleire kokebøkar, hausten 2010 kom "Go jolemat". Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.
Påmeldingsfrist 8. september. Meld deg på før 1. mars og få 10% rabatt på kursavgifta.
Kursplan:
Mål: Å lære grunnleggande prinsipp om salting og røyking av kjøt og fisk
Ant. timar m/lærar: 18
Ant. timar u/lærar: 6
Innhald/dagsplan: Undervisningstid: Torsdag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden. Fredag og laurdag: kurs 0830-1600. Lunchpause 1200-1245 . Sundag : kurs 0830-1200
Arbeidsform: Fellesundervisning og individuell rettleiing
Pris: Kurs kr 3100,- Opphald og mat kr 1800,-
Lærar: Bodil Nordjore
Tlf.: 35072590, 97072590
Adresse: , 3890 Vinje
|
Målgruppe for kurset
Spesielle krav: Ingen, men må vera generellt positive til denne type mat.
|
Kursmateriell
Studiematriell: Ta med skaut, forkle og gode sko. Ta med emballasje, plastposar og store baljer til ferdige matvarer.
Råvarekostnad ca. kr 2000.- etter kor mykje det blir laga.
|
|
|
|
|
Ønsker du mer informasjon om dette kurset?
|
Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur
Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. Rauland er kjend for å halde fast på tradisjonane innan folkekultur. Raulandsakademiet A/S blei stifta i 1987. Tidlegare heitte staden Rauland Folkehøgskule og Akademi. Siktemålet til Raulandsakademiet er å drive eit undervisnings- og aktivitetssenter tufta på det beste i folkekulturen.
I samarbeid med Folkeuniversitetet Rauland blir det arrangert kurs innan husflid, handverk, folkemusikk og språk. I tillegg er det mogleg for grupper og einskildpersonar å bu på staden. Skular, skigrupper, kor, korps og andre som treng rimeleg overnattingsplass, kan bu på Raulandsakademiet og ha skikurs, øvingshelg eller seminar. Både sommar og vinter byr fjellet på fine naturopplevingar. Ein kan stå slalåm eller snobrett i eit av skianlegga, renne i Noregs største akebakke med kjelketrekk, nytte tilbodet til Rauland Ridesenter eller vitje ei av kunstsamlingane i området.
|
|
|
|
|
Tips en venn
|
|