Logg inn: Glemt passord
Skriv inn hva du ønsker å lære eller hvor du ønsker kurs for å få opp forslag

Aktuelle kategorier
Fotokurs (111)
Bildebehandling (340)
Film- og videoredigering (29)
Digital fototeknikk (20)
Lydteknikk og lydproduksjon (12)
Film- og videoproduksjon (9)
Lyssetting og lysteknikk (8)
Animasjon for film (8)
Spesialeffekter for film (6)
» Se flere kategorier

Foto, naturfotografering

Skriv ut
Dette kurset ligger i kategorien(e):

Kursarrangør: Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur
Sted: Telemark, Vinje
         Raulandsakademiet
Type: Åpent kurs / gruppeundervisning
Pris: 2.500
Undervisningstid: Se hjemmeside for tidspunkt.

Kurs i naturfotografering - ute i naturen
Dette er eit kurs for deg som ynskjer å oppleva naturen i Rauland gjennom kameralinsa.


Kurshaldaren er lokalkjend og kan ta deg med til ulike lokalitetar, langs elvar og vatn, i skogen og til fjells. Rauland er ei bygd som byr på mykje natur, variert og mangfaldig.

Så vil det vera naturleg å gå innomhus for å sjå på bileta, komposisjon og beskjæring, om det er ei historie ein vil fortelje, eller om ein "berre" ser på dekorative i naturen. Ulike tidspunkt på døgnet er eit "must" for ein naturfotograf, slik at tidleg på morgon eller seint på kvelden kan vera aktuelle tidspunkt for å gå ut. I ei fjellbygd som Rauland kan veret variere sterkt, dette må ein ta omsyn til, både i høve til klede, men òg korleis ein skal beskytte fotoutstyret ved skiftande ver.

Naturfotografering krev godt utstyr, men utstyret er ikkje det einaste. Sjølv med enkle hjelpemiddel kan ein få til interessante bilete. Å ha eit stativ er absolutt ein fordel, stort eller lite. Å ha ei telelinse er ikkje nødvendig, men gjev sjølvsagt fleire moglegheiter dersom ein får nærkontakt med fuglar og dyr. På den andre sida kan òg ei macrolinse (linse for nærfoto) vera spennande å prøve ut.

Kurset vil ikkje primært ha det tekniske som ein viktig teoretisk del, dette vil helst bli trekt inn som ein naturleg del ute i felten, eller som ein del av etterarbeidet med bileta innandørs.

Det er nødvendig med ein bærbar datamaskin for å kunne laste ned bileta, jobbe med desse og sjå på dei.

Kjell Bitustøyl har drive med fotografering sidan 1970 og er født og oppvaksen i Rauland. Han har naturfotografering som sin fremste hobby, landskaps- og fuglefotografering mest.

Kurs frå torsdag kveld kl 19 til sundag kl 12.
Påmeldingsfrist 6. juli. Meld deg på før 1. mars og få

10%rabatt på kursavgifta.

Kurs kr 2500,- Opphald og mat kr 1800,-

Kursmateriell
Du må ha med: Digitalt kamera med USB-kabel hvis du er vant til å laste ned bilder direkte fra kamera, men bruk helst ein kortlesar.Ta med manualen til kameraet, batteri og ladar. Bærbar eller stasjonær PC/MAC og fargeprintar som fungerer saman med datamaskina, og USB-kabel.
Foto, naturfotografering
Ønsker du mer informasjon om dette kurset?

Navn:  
Firma:  
E-post:  
Telefon:  
Melding:  
Påmelding:
Klikk her hvis du ønsker å
melde deg på dette kurset
Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. Rauland er kjend for å halde fast på tradisjonane innan folkekultur. Raulandsakademiet A/S blei stifta i 1987. Tidlegare heitte staden Rauland Folkehøgskule og Akademi. Siktemålet til Raulandsakademiet er å drive eit undervisnings- og aktivitetssenter tufta på det beste i folkekulturen.

I samarbeid med Folkeuniversitetet Rauland blir det arrangert kurs innan husflid, handverk, folkemusikk og språk. I tillegg er det mogleg for grupper og einskildpersonar å bu på staden. Skular, skigrupper, kor, korps og andre som treng rimeleg overnattingsplass, kan bu på Raulandsakademiet og ha skikurs, øvingshelg eller seminar. Både sommar og vinter byr fjellet på fine naturopplevingar. Ein kan stå slalåm eller snobrett i eit av skianlegga, renne i Noregs største akebakke med kjelketrekk, nytte tilbodet til Rauland Ridesenter eller vitje ei av kunstsamlingane i området.


Adresse: Raulandsakademiet
3864 Rauland
Kontaktperson: Ann Mari Jore
Telefon: 35 07 32 92
Hjemmeside: Klikk her

Flere kurs fra Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur

Tips en venn







© Agentgruppen AS - Orgnr 984 246 595 MVA - Fekjan 13, 1394 Nesbru - Tlf: 417 65 300

Vi tar ikke ansvar for innhold som tilhører våre medlemmer. Dette gjelder kursoppføringer, artikler og eksterne lenker.