Kursarrangør:
Sotra Brannvern IKS
|
|
Sted: Hordaland, Fjell Ågotnes brannstasjon, ev. i kundens lokalar.
|
|
Kursadresse:
Tranesvegen 5, 5363 ÅGOTNES
|
|
Type:
Bedriftsinternt / Større grupper
|
Sotra Brannvern IKS kan tilby skreddersydde kurs innan brannvern og førstehjelp til alle typar verksemder, grendalag og offentlege institusjonar m.m. Opplæringa blir tilpassa ut i frå dei behov og ønskjer som oppdragsgjevar har.
|
Sløkkjeopplæring
Tenk deg at din arbeidsplass brenn. Mennesker kan bli skadd og i verste fall omkomme. I tillegg kan store materielle verdiar gå tapt.
Det tilsettes innsats dei første minuttane kan avgjere om eit branntilløp utviklar seg til ei katastrofe eller ikkje. Veit du og dine kolleger korleis de skal handla dersom det oppstår brann?
Brannteori
Dette kurset gjer ein grunnleggjande innføring i enkel brannteori. Tema som belyses er m.a.: • Kva er ein brann • Korleis kan ein brann spre seg • Korleis kan ein sløkkje ein brann • Korleis kan ein førebygge brann • Røykutvikling og røykspreiiing
Grendelag og velforeninger
Kvart år døyr mellom 50 og 70 menneskjer i brann i Noreg. Branner kostar det norske samfunnet fleire milliardar kroner kvart år.
For å bidra til å redusere disse tala, vil ein av Sotra Brannvern IKS sine viktigaste førebyggande oppgåver vere informasjons- og motivasjonstiltak retta mot innbyggarane i våre to kommunar. I den samahang har vi nå gleda av å kunne tilby "gratis" brannvernopplæring til grendelag og velforeiningar. Sotra Brannvern IKS stiller gratis, men vi må be om å få dekka utgifter til materiell med kr. 1 000,- per kurs.
Vi ønskjer å tilby ei opplæring med enkel informasjon om dei mest vanlege brannårsakene, og kva som kan gjerast for å unngå dei. Vi vil vise kor enkelt eit branntilløp kan stoppast berre man har litt trening og kan bruke det man måtte ha for handa. Dei som tar del i denne opplæringa vil, om de ønskjer, kunne få prøve forskjellege metodar for å slokke brann, m.a. med skum, vatn og ullteppe.
Opplæringa tar inntil 2 timer og vi vil, om ønskeleg, også bli gjennomført etter vanleg arbeidstid, fram til kl. 19.00 på kvardagar. Dette kan og vere ein fin moglegheit for naboar og venar til å komme saman til sosialt samvær og i tillegg betre branntryggleiken i lokalmiljøet.
Dersom dette verker interessant, ber vi de om å ta kontakt med Sotra Brannvern IKS for avtale.
Vi ser fram til å høyre frå dykk!
Evakueringsøvingar
Evakueringsøvingar bør gjennomførast jevnleg i alle verksemder. Sotra Brannvern IKS kan legge til rette for/bistå ved desse øvingane og kan, om ønskeleg, leggje inn overraskingsmoment slik at deltagarane opplever øvelsane som mest mogleg realistiske. Ein skal imidlertid alltid på førhand undersøkje om det er nokon som bør varslas på grunn av tidlegere sterke opplevingar knytt til brann.
Ved røyklegging nyttar vi eiga røykmaskin med såkalla "teaterrøyk". Denne er heilt ufarleg og etterlater heller ingen film på overflatar.
|
|
|
|
|
Ønsker du mer informasjon om dette kurset?
|
Sotra Brannvern IKS
Sotra Brannvern IKS er eit interkommunalt selskap eigd av Fjell og Sund kommunar i Hordaland. Selskapet forvaltar eigarane sitt ansvar etter brann- og eksplosjonsvernloven. Regionen famner om omlag 27 000. innyggjarar, og er inndelt i ein administrasjonsavdeling, ein beredskapsavdeling og ein avdeling for førebyggjande brannvern.
|
|
|
|
|
Tips en venn
|
|