Veving, kom i gang - for nybyrjarar



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 7 dager
Pris: 7800
Neste kurs: 24.06.2024 | Vis alle kursdatoer

Vi tilbyr kurs i veving for nybyrjarar. Lær å veve og å sette opp eigen renning i veven. På kurset får du prøve å veve toskaft, kypert og vaffelbinding i ulike garnkvalitetar. Kvar kursdeltakar får også prøve å renne, påsveiping, hovling, tre i vevskei, nedknyting.

Innhald:
I løpet av kurset skal kursdeltakar få eit innblikk i grunnleggande teknikkar i handveving, få kunnskap om vevstolen, om vevutstyr som trengs og korleis ein set opp ein vev. Kursdeltakar vil få ei innføring i grunnprinsippa i bindingslære og vi brukar vevprogrammet WeavPoint til bindingslæra. Vidare vert det noko om ulike garnkvalitetar og kva desse høver godt til. Alle kursdeltakarane får høve til å veve handkle, veske, nålepute og kan hende eit skjerf.

Program:
Måndag:
• Kort intro om kva veving er og kva for moglegheiter det er i veven
• Bli kjend på verkstaden

Tysdag - fredag:
• Veving
• Oppsetting av vev
• Renning
• Sveiping
• Hovling
• Framknyting, nedknyting, m.m.
• Enkel bindingslære og korleis ein kan lese vevoppskrifter og rekne ut materialforbruk
• Inspirasjon til nyskaping

Laurdag og sundag:
• Avslutte veven
• Ferdigstille og klargjere til miniutstilling
• Oppsummering og evaluering og sjå på moglegheitene og kva som må til for å veve der du bur.

Lærar:
I veke 26 og 27 er lærar Will Riedlnger. Epost: will.riedlinger(a)gmail.com
I veke 29 er Solveig Meyer Eide lærar. Epost: solveig(a)vevnad.no

Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer å lære å veve kan søke kurset

Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper

Kursmateriell:
Alle deltakarane får tilgang til vevstolar og alt naudsynt veveutstyr. Ta med skrivesaker og papir, gjerne ruteblokk. Fargeblyantar. Saks. Målband. Tykke sokkar, kopp. Husk å merke privat utstyr med namn.

Tilrådd litteratur:
• Solveig Orstad Teigen: veving eller Laila Lundell: Den store vevboken
• Om du har andre bøker om veving, tar du med det du har. Husk å merke private bøkar med namn.

• Materialkostnader: ca 400 - 600 kr

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.

Vis flere tilsvarende kurs: