Kveding, tradisjonell song frå Telemark



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 4 dager
Pris: 0

Vi tilbyr sangkurs i kveding, tradisjonell song frå Telemark. Kurset blir ei uhøgtidelig samling der vi skal skal synge oss gjennom stubbar, viser, stev, ballader og slåttestev. Vi skal lære om kveding, om stiltrekk og historie, og nokre av historiane, segna og skikkane som høyrer til.

Innhald:
Vi skal også leike litt med folkemusikalske stiltrekk og tekstar, og lære nokre triks for å synge fritt og sunt på sin eigen måte, med si eige stemme. Og sidan det byrjar å nærme seg jol, blir det også ein sveiv innom dei herlege joletradisjonane og songane som høyrer til. Både dei sakrale, dei overnaturlege og dei meir jordnære. Arbeidsformen blir som fellesundervising og individuell rettleiing.

Fokuset blir på Telemarkstradisjon, som lært gjennom Ragnar Haugstøl, Agnes Buen Garnås, Sondre Bratland og Øyonn Groven Myhren, og arkivkjeldene Kari Dale og Aslak Brekke. Der er også rom for å ynskje seg noko. I tillegg til undervising med Ingebjørg Lognvik Reinholdt er det lagt opp til besøk av tradisjonasbærarar Inger Lien (fredag) og Kjell Hove (laurdag).

Lærar: Ingebjørg Lognvik Reinholdt

Målgruppe for kurset:
Kurset passar for folk i alle aldre - enten du har sunge mykje eller er nybegynnar innan songfaget.

Forkunnskaper:
• Det trengs ingen forkunnskaper, berre interessa for å lære er til stades

Kursmateriell:
Deltakarane må ha med noko å notere med og på. Ellers kan det vera greit å ha med enkelt opptaksutstyr, sidan det ikkje vil bli arbeidd så mykje med noter. Dei fleste smarttelefonar har ein opptaksapp, innebygd.

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.

Vis flere tilsvarende kurs: