Kniv grunnkurs



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 4 dager
Pris: 4995
Neste kurs: 26.09.2024 | Vis alle kursdatoer

Vi tilbyr kniv grunnkurs. Målsettinga er å lage en brukskniv med lærslire. Det blir fellesundervising med teori og individuell rettleiing. Lærar Morten Håkonsen er heiltids knivmakar og knivsmed. Han er ein av landets beste på sitt område og har premiar på øvste hylle både for knivmaking og smiing.

Her skal vi lage ein brukskniv med treskaft og lærslire:
• Klargjering av blad før skjefting
• Skjefting og forming av skaft
• Uttak av sliremal
• Sauming og bearbeiding av slire
• Oppheng
• Finish og etterbehandling av slire og skaft

Lærar: Morten Håkonsen

Målgruppe for kurset:
Kurset passar for alle

Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper

Kursmateriell:
Deltakerne får låne alt dei treng, fordi det er en god del spesialverktøy som trengs. Om nokon har vært litt borti knivlaging tidlegare, kan dei ta med det handverktøyet dei bruka, så kan vi sjå om det kan brukest eller utbetrast. Ta med det du har. Dersom du ynskjer det, kan du få kjøpt alt av verktøy og materiell på kurset.

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.

Vis flere tilsvarende kurs: