Vi tilbyr fjellføring frå Fondsbu (DNT) - Falketind via Stølsnostind. Jostedalen Breførarlg har i meir enn 15 år tilbydd fjellføring og toppturar i samarbeid med Fondsbu (DNT) på Eidsbugarden i Jotunheimen til mange utfordrande 2000-meterstoppar i området.
Desse turane krev bruk av stegjarn og isøks, tau og sele då dei går over bre. Nokon av rutene - som Pionerruta på Falketind - er såpass eksponerte at ein må klatre / klive med tau.
Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker fjellføring frå Fondsbu (DNT) - Falketind via Stølsnostind
Aldersgrense: 12 år
Krav:
• Du må være i god form og turerfaring
Kursmateriell:
Du må ha med varme og vindtette klede, fjellsko, hanskar, lue, regntøy og lunsj. Alt av bre- og klatreutstyr er inkludert i føringsprisen.