Brikkevev, bunadsband frå Telemark



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 4 dager
Pris: 4995
Neste kurs: 10.10.2024 | Vis alle kursdatoer

Vi tilbyr kurs i brikkevev, bunadsband frå Telemark. På kurset vil du lære å lage brikkeband som blir bruka til folkedraktene I Aust-Telemark. Om du er nybyrjar startar du med eit barneband, dersom du har meir erfaring med brikkevev lagar du eit hårband i full lengde.

Innhald:
Arbeidsform: Kvar dag vekslar mellom felles gjennomgang, individuelt arbeid, individuell rettleiing og felles diskusjonar. Målsettinga er å lære brikkevevteknikken, å få innføring i brikkevevingstradisjon i Telemark.

Lærar: Rine Loen er utdanna lærar. Ho har god erfaring med undervising i brikkevev i ungdomsskolen og for vaksne. Rine har drive med brikkevev frå 2015.

Målgruppe for kurset:
Kurset passar for alle

Forkunnskaper:
• Det er ein fordel å ha kjennskap til brikkevevingsteknikken, men ikkje naudsynt

Kursmateriell:
Du må ha med:
• Skrivesaker og rutepapir / ruteblokk, fargeblyantar
• 4-hols brikker, du treng ca 30 brikker per. band
• Bandvevfeste, bandvevbelte og vevkniv

Du kan få kjøpt brikker, bandvevfeste, bandvevbelte på Raulandsakademiet:
• Brikker kr 10 per stk
• Bandvevfeste kr 150.-
• Bandvevbelte kr 250.-
• Maskenål kr 10.-
• Vevkniv 100 kr

Rine har til sals:
• 6-tråds ullgarn, garn som egnar svært godt til brikkeveving
• Bomullsgarn til innslag
• Materialkostnad ca 300 - 400 kr

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.