Brodere bunad, ullbroderi



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 7 dager
Pris: 7800
Neste kurs: 24.06.2024 | Vis alle kursdatoer

Vi tilbyr kurs i å brodere bunad, ullbroderi. Målsettinga er at du skal koma godt i gang med arbeidet ditt. Vi startar med ein gjennomgang av arbedet ditt, snakker om korleis det er lurt å legge opp arbeidet og lage ein arbeidsplan.

Innhald:
Dersom det er ynskjeleg kan vi starte med prøvelappar før vi set i gang med sjølve arbeidet - bunadmaterialane. Mange drøymer om å brodere bunad anten til seg sjølv eller til eit familiemedlem, men manglar kunnskap for setje i gang. Eller har du kanskje starta og lagt bort arbeidet, fordi det ikkje blei slik du hadde tenkt? Nå kan du gå på kurs og få god hjelp med å koma i gang. Kurslærer har lang erfaring med bunadsaum og har hatt ei rekke kurs innan brodering og montering.

Ho kan og ta med prøvelapper dersom du treng ekstra trening før du set i gang med sjølve bunaden. Det tek tid å brodere ein bunad, så du blir ikke ferdig på dette kurset. Men du kjem godt i gang og i samarbeid med kurslærar set du opp ein plan slik at du kjem i mål. Du kan og brodere plattsaumskjorter, men ikke skjorter med tellesøm. Arbeidsformen blir med noko fellesundervisning, men mest individuell rettleiing.

Lærar: Barbro Storlien

Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker kurs i å brodere bunad, ullbroderi

Kursmateriell:
Du må ha med ei materialpakke med påteikna materiale til bunad. Broderigarn, broderiplansjer og spisse broderinåler 24 - 26. Du må og ha med spiss saks, broderiramme med diameter 20 cm og penn/blyant og papir. Dersom du er usikker på kva du treng, ta kontakt med kurslærer som kan gje råd.

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.